Svens økonomi veks meir enn venta

(NPK-NTB-TT-Ritzau): Sveriges bruttonasjonalprodukt (BNP) steig meir enn venta i siste kvartal i fjor. Også i Danmark og Finland var det BNP-vekst.

BNP-veksten i Sverige var på 1,3 prosent i fjerde kvartal, samanlikna med tredje kvartal, viser tal frå Statistiska centralbyrån (SCB).

Sidan tredje kvartal 2015 har veksten vore på 4,5 prosent, mens analytikarar hadde rekna med vekst på 3,5 prosent.

For heile 2015 steig Sveriges BNP med 4,1 prosent.

Også i dansk økonomi gjekk det betre i siste kvartal i fjor. Ifølge Danmarks Statistik steig BNP med 1,2 prosent i 2015.

I Finland var BNP-veksten i fjor på 0,4 prosent, og landet har dermed overraskande brote trenden med fallande BNP dei siste åra, viser nye tal frå statistikkmyndigheitene i landet måndag. (©NPK)