Klargjør siden...

Svensk berg- og dalbanekveld i Rio

(NPK-NTB-TT): Samtidig som dei svenske handballjentene vart audmjuka av Noreg, spelte kvinnelandslaget seg til fotballfinalen i OL. Svensk presse byr på både slakt og superlativ.

Mirakel, revansj, skrell, triumf, historie og gledestårer er blant stikkorda når det skal setjast ord på den historiske semifinalesigeren til dei svenske fotballjentene over vertsnasjonen Brasil.

Akkurat som mot regjerande meister USA, vann Sverige etter straffesparkkonkurranse. Lisa Dahlkvist, som sette den avgjerande straffa, og keeper Hedvig Lindahl blir trekte fram som dei største heltane.

– Lisa Dahlkvist er den eg vil ha med meg om eg nokon gong er på eit stormfullt hav eller har gått meg vill på eit snødekt fjell. Ho set den siste straffa like iskaldt som Anette Norberg kan sette ein siste curlingstein. USA i kvartfinalen eller Brasil i semifinalen? Lisa Dahlkvist set den siste straffa, skriv Johan Esk i Dagens Nyheter.

På dei tre siste kampane, til saman 330 minutt inkludert ekstraomgangar, har svenskane berre scora eitt spelemål. Suksessen kjem med andre ord av full innsats og eit pottetett forsvar.

– Hallo der, verda! Eg kan forstå at de synest det er sinnssjukt urettferdig og at Sverige spelar den kjedelegaste fotballen i heile OL. Men veit de kva? Det bles vi i. Sverige er i OL-finalen. Mirakelet er fullendt! skriv Expressens Tomas Pettersson.

I finalen ventar Tyskland, eit lag som har slått svenskane i tre medaljekampar tidlegare. Både EM-finalen i 2001, VM-finalen i 2003 og bronsefinalen i OL i 2004 enda med tysk siger.

– Sverige slo først verdseinaren. Deretter slo Sverige det beste laget i turneringa. Kva er det då igjen å vere redd for? spør Pettersson.

Sjølv om fotballfinalen overskuggar handballen, går ikkje kvartfinaletapet umerkt forbi i svensk presse.

– Eit tap for Noreg er ingenting å skamme seg over. Men eit 13-målstap, det er under det svenske lagets verdigheit. Det finst inga unnskyldningar, skriv Expressens Nicolinn Nilsson, som uttrykkjer uro før EM på heimebane.

– Publikum og arenaene er der. No saknar vi berre eit stolt svensk landslag.

– Avkledd, audmjuka og utklassa, innleier Flinck, før han rettar ei takk til Noreg for leksjonen.

– Måten dei tar seg til sluttspelkampar på er utruleg imponerande. Dei undervurderer aldri motstandaren og er alltid 100 prosent førebudde. Dei er ikkje berre det beste laget i verda. Dei spelar også den beste handballen.

– Trass i kor mykje Noreg har vunne gjennom åra og trass i audmjukinga av Sverige (eller kanskje på grunn av) håpar eg at dei vinn heile «skiten».

Noreg møter Russland i semifinalen. (©NPK)

Annonse