Klargjør siden...

Svensk frikøyrar døde etter ulykke

(NPK-NTB-TT): Den svenske frikøyraren Matilda Rapaport er død. 30-åringen blei skadd under ein filminnspeling i Farrellones i Chile torsdag og døde som følgje av skadane ho pådrog seg.

Rapaport blei tatt av eit skred og låg under snøen i lang tid.

Den svenske jenta blei hasta til sjukehus, men døde på grunn av komplikasjonar knytt til oksygenmangelen, skriv Det svenske skiforbundet i ei pressemelding.

– Det er ei frykteleg hending med ein ulykkeleg utgang som er veldig vanskeleg å ta inn over seg. Våre tankar går til Mathilda sine nærmaste og kjære, og vi i forbundet kjem til å gjere alt vi kan for å støtte dei i denne tunge stunda, seier alpinsportssjef Tommy Eliasson Winter.

Rapaport var gift med den svenske alpinkøyraren Mattias Hargin, som har ein verdscupsiger i slalåm. (©NPK)

Annonse