Klargjør siden...
Annonse

Svensk ishockeylegende ramma av ALS

Den tidlegare svenske ishockeyprofilen Börje Salming har fått konstatert nervesjukdommen ALS. Han har spelt over 1000 kampar i toppligaen NHL.

Til Expressen tidlegare i år opna 71-åringen opp om problem med å prate, og at han skulle gjennom ei utgreiing for å finne ut av problemet. Overfor nyheitsbyrået TT stadfestar han at han har fått ein ALS-diagnose.

– Eg har fått ein beskjed som har skaka livet for meg og familien. Dei teikna eg hadde, viste seg å vere ALS. På ein blunk vart alt forandra, seier han.

– Eg veit ikkje korleis dagane framover kjem til å bli, men eg forstår at det vil bli dei største utfordringane eg har hatt hittil i livet, seier Salming.

Ein av dei største

ALS er ein svært alvorleg sjukdom som angrip nervane heilt til ein er fullstendig lam. Det finst ingen livreddande medisin for sjukdommen, men det finst medisin som gjer at ein kan leve lengre. ALS-sjuke lever vanlegvis i to til fire år etter å ha fått diagnosen, men éin av ti lever forbi det punktet.

Salming er ein av Sveriges største ishockeyspelarar gjennom tidene og slo gjennom i starten av 1970-talet. I 1973 vart han klar for Toronto Maple Leafs i NHL, der han fekk ikonstatus etter 16 år.

Han spelte i alt 1148 NHL-kampar og er innlemma i Hockey Hall of Fame, og dessutan Det internasjonale ishockeyforbundets Hall of Fame.

VM-medaljar

Etter 16 år i Toronto spelte han éin sesong i Detroit Red Wings, før han avslutta karrieren i svenske AIK. Han spelte i alt 46 A-landskampar og var med å ta både sølv og bronse i VM i høvesvis 1972 og 73.

– Heilt sidan eg var ein liten gut i Kiruna, og byrja å spele ishockey med altfor store skøyter, har eg kjempa. Det tenkjer eg å halde fram med å gjere. Akkurat no kviler eg i kjærleiken frå familien min og i kunnskapen om at eg får best mogleg omsorg, seier Salming.

(©NPK)

Börje Salming har fått konstatert ALS.
Foto: Lars Pehrsson / NTB

Annonse