Klargjør siden...

Svensk lag med i KHL

(NPK-NTB-TT): Sverige blir med i KHL kommande sesong. Nystarta Crowns får plass i ishockeyligaen.

Den første bortekampen skal Crowns spele mot CSKA Moskva 10. september.

Den nystarta klubben starta visstnok å rekruttere spelarar 10. april. Patrick Thoresen er blitt kopla til nyvinninga.

KHL har lag frå sju land, og no blir Sverige det åttande.

Den svenske landslagssjefen Pär Mårts var ønskt som trenar i Crowns, men takka nei i håp om å få ein annan KHL-klubb.

I staden ser det ut til at den tidlegare svenske landslagstrenaren Bengt-Åke Gustafsson blir trenar.

Sveriges ishockeyforbund likar ikkje at det blir oppretta eit svensk KHL-lag.

– Vi støttar ikkje desse planane. Vi i svensk ishockey trur på den modellen vi har, med ein sterk og veldig suksessrik eliteserie, seier leiar Anders Larsson til nyheitsbyrået TT.

Ifølgje Kvällsposten skal ikkje det nyoppretta laget ha ei fast heimebane, men spele i Malmö, Stockholm og kanskje i Södertälje.

– Eit KHL-lag, absolutt. Men ulike heimebaner, nei, seier Skellefteås lagkaptein Jimmie Ericsson.

Han er tidlegare meister i KHL med SKA St. Petersburg.

28 lag deltar i KHL. 22 av klubbane er russiske, men også Kviterussland, Kasakhstan, Latvia, Slovakia, Kroatia og Finland deltar. (©NPK)

Annonse