Klargjør siden...

Svensk turistsjef fortvilar: Haalands popularitet druknar regionen vår

Haaland eller Halland? Erling Braut Haalands enorme popularitet har skapt eit heilt uventa problem i den svenske kystperla Halland.

Det er marginale forskjellar på stavemåten av orda Haaland og Halland, men for den svenske regionen Halland har likskapen fått konsekvensar som har skapt både trøbbel og ein og annan kreativ framstøyt.

Årsaka er at Erling Braut Haalands etternamn i takt med braksuksessen i Manchester City har vorte stadig meir populært i ulike internasjonale og sosiale medium. Også bruken av emneknaggen #Haaland har fått eit veldig oppsving.

Namnet til den norske målmaskina blir ikkje alltid stava rett. Mange bommar og tastar inn emneknaggen #Halland i staden, ifølgje turistkontoret til den svenske regionen med same namn.

Ope brev

No slår avdelingssjef Jimmy Sandberg i Visit Halland alarm om utfordringane dette skaper. I eit ope brev, som svenske Fotbollskanalen omtaler, skriv han:

«I fleire tiår har vi informert verda om Halland, ei litt skjult perle på den svenske vestkysten. Hundretusenvis av turistar kjem hit kvart år for å nyte sandstrendene våre, frodige skogar og koselege bykjernar. Men til vår fortviling ser vi no at innsatsen vår forsvinn i rask takt. Alt på grunn av ein fantastisk norsk fotballspelar», skriv Sandberg i brevet som er publisert på Linkedin-brukaren hans.

Teksten er samtidig skriven med ei stor grad av glimt i auget.

«Det har nådd merksemda vår at det er enorm forvirring med omsyn til skrivemåten til Haalands namn. Noko som har resultert i at tusenvis av journalistar og fans i innlegg kallar han … Halland. Men vi er Halland. Han er Haaland», held avdelingssjefen fram.

Ønskjer seg Haaland-besøk

Eit raskt bildesøk i søkjetenesta Google stadfestar det Sandberg skriv. Resultatet gir i all hovudsak bilete av Erling Braut Haaland.

– Etter City-suksessen dukka han opp overalt. På kvart einaste bildesøk, kvar einaste emneknagg. «Kva faen, han heiter jo ikkje Halland?». Men du ser det fort, det er mange som stavar feil. Då sa vi at vi kunne gjere noko gøy ut av dette. Det er ikkje eit reelt problem, men det kan faktisk bli det viss han skårar endå fleire mål. Det er moro for han, men vi druknar litt i suksessen hans, seier Sandberg til Fotbollskanalen.

Han håpar fleire i framtida treffer på stavemåten til Haaland, framfor bomvarianten «Halland». Ein annan liten draum har han òg.

– Det morosamaste hadde vore om Haaland kom til Halland. Men det er kanskje for mykje å ønskje seg, seier Sandberg.

17 mål på elleve kampar er Haalands råsterke Premier League-statistikk så langt. Akkurat no er nordmannen skadd, men også det skaper overskrifter nærast dagleg. Truleg til meir fortviling for Visit Halland.

(©NPK)

Erling Braut Haaland har kjempesuksess i Manchester City. I Sverige skaper det trøbbel. Foto: Rui Vieira / AP / NTB

Annonse