Annonse

Svensk TV-publikum klamrar seg til gamle TV-vanar

Sjølv om den svenske allsongen på Skansen i desse koronatidene langt frå byr på allsong, samla fjerde sending likevel 1.345.000 TV-sjåarar.

– TV-vanane våre sommartid synest å vere ytst vanskelege å rokke ved, konstaterer pressebyrået TT.

For dette er fjerde veke på rad at sendinga «Allsång från Skansen» toppar sjåarstatistikken, og det sjølv om det ikkje er nokon allsong: Sendinga blir laga, i motsetning til den norske parallellen, utan publikum i det heile.

– Ein får jo berre prøve å fantasere fram at det sit 20.000 personar der, sa tidlegare programleiar og no artist Måns Zelmerlöw då han opptredde under programpremieren i juni, medan artisten Dotter – som har drøymt om å opptre der heile livet og fekk draumen oppfylt førre tysdag, konstaterte:

– Ein har byrja å venne seg litt til slike typar konsertar, eg har gjort nokre av dei no. Det kjennest spesielt, men det er så gøy å vere med uansett.

(©NPK)

Ikkje denne sommaren: Slik ser det vanlegvis ut under sending av «Allsång på Skansen» i Sverige. Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB scanpix