Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Prins Oscar gret på fanget til pappa då dåpsseremonien for den vesle prinsen til svenskane starta i Slottskyrkan på Stockholms slott. Kronprinsesse Mette-Marit var blant dei fem fadrane.
npk@npk.no
Publisert: 27.05.2016 kl 11:08
Sist oppdatert: 27.05.2016 kl 13:33
Like før klokka 12 fredag var alle gjestene på plass i Slottskyrkan.
Prins Oscar er det andre barnet til kronprinsesse Victoria og prins Daniel, og han blei døypt i den same historiske dåpskjolen som storesøster Estelle for fire år sidan.
Både ho og kusina Leonore fekk lov til å hjelpa til med å halda dåpsvatnet under seremonien, som gjekk ganske roleg for seg sjølv om hovudpersonen sjølv ikkje verka heilt nøgd.
Kronprinsesse Mette-Marit har fått æra av å vera ein dei fem fadrane til prinsen. Oppgåva deler ho mellom anna med kronprins Frederik av Danmark, svenske prinsesse Madeleine og den tidlegare bandyspelaren Hans Åström, som har vunne VM-gull tre gonger og er fetteren til prins Daniel. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.