Annonse

Svenske aviser gir Sverigedemokraterna valsigeren

Same kven som endar som svensk statsminister, er det det innvandringskritiske Sverigedemokraterna som er den store valvinnaren, meiner svenske aviser.

Expressen, som er ei liberal avis, skriv at særleg partileiar Jimmie Åkesson kan vere tilfreds med valet søndag, men understrekar at det kjem av at det største partiet i landet, Socialdemokraterna, gjekk til val utan eigen politikk.

I staden har Socialdemokraterna prøvd å gjere valet til ei folkeavstemming om Sverigedemokraterna (SD), skriv avisa.

– Det ser ikkje ut til å ha ført til siger. Tvert imot veks SD ytterlegare og tek over rolla som Sveriges nest største parti. Det er svært uheldig, heiter det i leiaren i avisa.

Sterk prestasjon

Den liberale redaksjonen i Blekinge läns Tidning meiner at statsminister Magdalena Andersson kan noterast for ein sterk prestasjon, og at Moderaterna med Ulf Kristersson i spissen ikkje lenger liknar Sveriges nest største parti.

– Forskjellen mellom suksess og fiasko vil vere svært tynn for Ulf Kristersson. Vil han bli hugsa som taparen som lét SD ta igjen Moderaterna i stemmetal? Eller vinnaren som kunne føre ein ny koalisjon til makta? Eit par tusen stemmer utgjer forskjellen, skriv avisa.

Dobbelttap for Kristersson

Lena Mellin i Aftonbladet skriv at Kristersson har gått på eit dobbelttap. For andre gong som valleiar går han på eit tap for partiet.

Men det er sannsynlegvis det andre tapet som smertar mest, nemleg å ha blitt forbigått av Sverigedemokraterna som Sveriges nest største parti.

– Det inneber ei identitetskrise for partiet som ser på seg sjølv som regjeringsberande. Den posisjonen kan med denne utviklinga vere trua, skriv ho.

Men ho skriv vidare at smerta ved å tape andreplassen likevel kan lindrast om partiet får leie ei ny regjering.

Vanskelege regjeringsforhandlingar

Men det kan bli svært vanskelege regjeringsforhandlingar, skriv TT. Førebels ser det ut til at Kristersson ligg best an til å bli Sveriges neste statsminister.

Men at Sverigedemokraterna har vorte større enn Moderaterna kan øydeleggje for dei planane.

SD-leiar Jimmie Åkesson seier at han reknar med at partiet hans får ei «sentral rolle» i det nye styret om det blir maktskifte, og at det beste for Sverige ville vere ei fleirtalsregjering.

Men verken Moderaterna, Kristdemokraterna eller Liberalerna vil ha med Sverigedemokraterna i ei regjering. Kristersson seier han i staden kan samarbeide med dei i riksdagen.

Liberalerna vil ikkje støtte ei regjering der SD er med, langt mindre sitje i ei slik regjering.

Einaste med framgang

Sverigedemokraterna er det einaste partiet på høgresida som gjekk fram i valet. Allereie før valet sa Åkesson at han hadde gjort klar ei liste på eit hundretal forslag han ville leggje fram i regjeringsforhandlingar, og han gjorde det klart at han venta innverknad i tråd med storleiken på partiet.

Det endelege resultatet av valet blir ikkje kjent før onsdag når utanlandsstemmer og brevstemmer blir talde opp. Førebelse resultat viser at den blå blokka leier med 49,7 prosent mot 48,8 prosent for dei raudgrøne. Det ville gi ei mandatfordeling på 175 til 174 i borgarleg favør.

(©NPK)

Partileiar for Sverigedemokraterna Jimmie Åkesson blir proklamert som valvinnar av svenske aviser.
Foto: Maja Suslin / TT / NTB

Annonse