Svenske grensekontrollar er lite effektive

(NPK-NTB): Dei tilfeldige grensekontrollane Sverige innførte i november viser seg å vere lite effektive for å fange opp asylsøkjarar som vil inn i landet.

Trass i at regjeringa i Sverige innførte skjerpa grensekontroll for å avgrense risikoen for terrorangrep og for å kontrollere kven som kjem inn i landet, har det hittil i år komme tusenvis av asylsøkjarar til Sverige ulovleg, skriv Svenska Dagbladet.

Omtrent 500 personar i veka, eller 15.000 personar så langt i år, har komme til Sverige og søkt asyl, men svært få av dei blir fanga opp av grensekontrollane.

– Ei handfull personar i veka, seier talsperson for politiet i region Syd, Ewa-Gun Westford, om kor mange som blir fanga opp i Skåne, som truleg er den mest brukte ruta for å komme inn til Sverige.

At så mange slepp gjennom kontrollane blir forklart med lite bemanning ved grensekontrollane og raske, uoversiktlege kontrollar.

– Det kan vere slik at dei som ikkje har med seg pass blir tatt til sida, mens dei som viser eit pass går gjennom. Det ville krevje meir ressursar om vi skal sjekke alle meir nøyaktig, seier Per Löwenberg, gruppesjef ved grensepolitiet til avisa.

I tillegg er det svært få av dei som kjem med fly frå Schengen-land som blir kontrollerte. (©NPK)

Annonse