Klargjør siden...

Svenske prinsar og prinsesser må dele kroner

(NPK-NTB-TT) Det er ikkje mange nok prinsesse- og prinsekroner i Sverige. Løysinga er at fleire må dele krone.

Prins Alexander som skal døypast fredag, vil likevel få si heilt eiga krone.

For fleire av dei andre barna i kongehuset er det dessverre ikkje nok kroner.

Prins Oscar må dele krone med pappa Daniel, og prins Nicolas må dele krone med mamma Madeleine.

Situasjonen er ei direkte følgje av at det til saman berre er åtte prinse- og prinsessekroner i det kongelege skattekammeret. Den eldste av kronene i samlinga er laga i 1650, og er reservert Victoria som er kronprinsesse.

Den siste nylaga krona blei lagt til samlinga i 1902.

I desse dagar blir kronene berre tekne fram når det er spesielle seremoniar. Dei blir brukte ved vigsler, gravferder og dåp og blir plasserte på spesielle puter, også kalla regaliebord. (©NPK)

Annonse