Klargjør siden...

Svenske SAS-pilotar streikar – norske passasjerar blir ramma

(NPK-NTB-TT-Ritzau): 400 SAS-flygarar i Sverige har gått ut i streik etter at forhandlingane mellom partane braut saman. Streiken fører til innstilte avgangar frå Gardermoen til Stockholm fredag kveld.

Streiken starta like etter klokka 18 fredag, og om lag 40 planlagde avgangar utover kvelden blei innstilt, mellom anna tre avgangar frå Gardermoen til Arlanda utanfor Stockholm. Om lag 4.000 passasjerar er ramma av desse innstillingane.

Det er kortdistanseruter som i første omgang merkar streiken, det vil seia innanrikstrafikk og avgangar til Europa. Langdistanseflygingar til Asia og USA blir ikkje påverka.

– Pilotforeininga har opplyst at dei går ut i streik. Vi har ikkje stengt dørene, men eg kan ikkje sjå at det blir fleire forhandlingar i kveld, seier leiar for arbeidsgjevarforeininga Mattias Dahl.

Pilotforeininga meiner på si side at dei har strekt seg langt i forhandlingane og peikar på at flygarlønningane har krympa med 20 prosent sidan 2009 samanlikna med den svenske arbeidsmarknaden generelt.

– Vi har lenge vore lydhøyre overfor kravet til pilotforeininga og tilbydd ein avtale på nivå med den norske pilotavtalen. Likevel har pilotforeininga vald konflikt, skriv Nyman vidare.

Den norske pilotforeininga og NHO Luftfart blei samde om ein avtale torsdag. (©NPK)

Annonse