Annonse
Annonse

Svenske skulebarn heime etter rasistangrepet

(NPK-NTB-Ann Fredriksen): Ingen med lys hud blei angripne då den svenske 21-åringen drap to og såra to andre på Kronan skule i Trollhättan. Fredag heldt mange foreldre barna sine heime.

Annonse

Svensk politi karakteriserer angrepet torsdag som hatkriminalitet, ikkje eit terrorangrep, ifølgje Svenska Dagbladet.

Bakgrunnen er eit brev som gjerningsmannen Anton Lundin Pettersson (21) lét etter seg i leilegheita si. Brevet blir karakterisert som eit sjølvmordsbrev.

På ein pressekonferanse fredag konstaterte politiet at angrepet var planlagt og at det dreier seg om hatkriminalitet.

– Brevet er utlendingsfiendtleg, og der går det fram at han er aleine om angrepet, seier kriminalkommissær Thord Haraldsson.

I brevet har han blant anna skrive at han må gjere noko med innvandringspolitikken, og at han sjølv er klar til å døy under angrepet, skriv Aftonbladet.

Politiet har også sett bilete, såkalla selfies, frå skulen der 21-åringen pratar med lyshuda menneske. Ingen av desse blir angripne, berre dei som var mørke i huda.

90 prosent av elevane ved Kronan skule har minoritetsbakgrunn.

Ein 41 år gammal lærar og ein elev på 15 år er hardt skadde. For begge blir tilstanden karakterisert som stabil. 15-åringen blei fredag flytta frå intensivavdelinga til ei vanleg avdeling. Han har utanlandsk bakgrunn og kom til Sverige for berre ni månader sidan, ifølgje nyheitsbyrået TT.

Læraren er flytta til Sahlgrenska universitetssjukehus i Göteborg for å få avansert spesialistbehandling.

– Han sa til guten at han skulle ta av maska, og då blei han drepen. Det var så fælt, seier Bohsra Alhajar (11) til TT.

Gjennom vindauget såg ho gjerningsmannen og høyrde korleis han prøvde å ta seg inn i klasserommet. Før dette hadde ein lærar kome inn og bede dei låse døra fordi det var ein drapsmann på skulen.

– Vi stabla bord som sperra døra. Eg fekk ikkje sove i natt, eg tenkjer på alle ekle ting, seier Bohsra.

I kjølvatnet av angrepet har fleire skular i Sverige fått truslar. Ein del av dei valde å stengje, medan andre skjerpa vakthaldet. Truslane blei blant anna retta mot skular i Örebro, Skellefteå, Gotland og Malmö. Fleire av dei blei framført på sosiale medium.

I Göteborg blei bilete av gjerningsmannen med teksten «Guess what, I'm back» hengt opp på tre skular, ifølgje politiet. Kriminolog Sven Granath er ikkje overraska.

– Slike merksemdssøkjande truslar er i det heile ikkje uventa etter ei slik hendinga. Med dagens teknologi er det dessutan veldig lett, men effekten blir veldig ubehageleg, seier han til TT. (©NPK)