Sverige kan løfte Noreg til betre EM-seeding

Sjølv om Noreg skulle tape for Serbia, kan Ståle Solbakkens menn med hjelp frå Sverige bli seeda på nivå 2 i EM-trekkinga 9. oktober.

Det vil i så fall vere eit lite plaster på såret om gruppesigeren i nasjonsligaen ryk.

Om Sverige slår Slovenia og dermed bergar plassen i B-divisjonen i nasjonsligaen, vil Noreg sjølv med tap for Serbia på Ullevaal bli beste eller nest beste gruppetoar. Den beste toaren får den siste plassen på seedingnivå 2, som i alle fall potensielt gir ei lettare gruppe i EM-kvalifiseringa.

Tek Slovenia derimot poeng og sender Sverige ned, vil Noreg sannsynlegvis ende sist på toartabellen og hamne lenger bak i køen for ein eventuell ekstrasjanse til EM-plass etter den ordinære kvalifiseringa.

Skottland er einaste lag som kan komme framfor Noreg på ein toartabell i B-divisjonen, men skottane leiar gruppa og vinn om det blir poeng mot Ukraina tysdag. Om skottane taper og endar på 2.-plass, må Armenia samtidig vinne borte mot Irland for at Skottland skal bli beste toar.

Norsk tap og svensk siger vil gi Noreg 9 poeng på toartabellen (der resultata mot jumbolaget i gruppa blir stroken). Finland i gruppe 3 enda på 7 poeng, medan toaren i gruppe 2 (Island eller Albania) høgst kan få 6 poeng. Om Ukraina blir toar i gruppe 1, får laget maksimalt 7 poeng på toartabellen.

Skottland vil som toar få 6 poeng dersom Irland beheld 3.-plassen, men 9 poeng dersom Armenia sjokkerer med siger i Dublin og sender irane ned til tredje nivå. I så fall vil skottane også ha så god målforskjell at dei nesten sikkert blir beste toar.

Ledig plass

I utgangspunktet er det dei fire gruppevinnarane frå B-divisjonen som skal ha dei siste plassane på seedingnivå 2, men A-nasjonen Tyskland er EM-vert og skal ikkje delta i kvalifiseringa. Derfor blir det ein ledig plass, som går til beste toar.

Laga som endar på same plassering i dei ulike gruppene blir rangerte innbyrdes av Uefa basert på oppnådde resultat. Eigentleg skal alle resultat telje, men fordi Russland vart diskvalifisert frå gruppe 2, får laga i den gruppa berre spele fire kampar. Det er årsaka til at resultat mot laga som endar på 4.-plass i andre grupper blir strokne.

Ender Slovenia sist i Noregs gruppe, kan Solbakkens menn stryke ein uavgjort og eit tap og stå igjen med tre sigrar på fire teljande kampar.

Tek Slovenia poeng og sender Sverige ned, må Noreg stryke to sigrar mot Sverige og står igjen med berre fire poeng på toartabellen.

Tre premiar

Greier Norge å ta poeng mot Serbia på eit fullsett Ullevaal, er slike utrekningar unødvendige. Då rykkjer Noreg opp i A-divisjonen, blir seeda på nivå 2 i EM-trekkinga og får også ein garantert ekstrasjanse til EM-plass dersom laget ikkje når opp i kvalifiseringa neste år.

– Alle dei tre tinga er viktige for oss, sa Solbakken før kampen i helga.

To av premiane kan vere innan rekkjevidd sjølv med tap. Blir Noreg beste toar, er ikkje berre den ønskte seedinga i hamn, då krevst det berre at ein av dei fire gruppevinnarane sikrar EM-plass på ordinært vis for at Noreg skal få vere med i nasjonsligaomspelet om EM-plassar.

Det er ingen tvil om at dei norske helst vil avgjere sjølv med siger eller uavgjort tysdag, men om Serbia skulle vise seg for sterke, kan nedturen bli litt mindre så lenge Sverige gjer jobben på Friends Arena.

(©NPK)

Erling Braut Haaland herja med Sverige med fire mål og ein assist i Noregs to sigrar i juni, men tysdag kan dei norske få svensk hjelp i kampen om best mulig seeding i EM-kvalifiseringa. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Ståle Solbakkens norske landslag kan få ei handsrekning fra Janne Andersson og Sverige dersom ein ikkje greier å ta poeng mot Serbia og sikre gruppesiger i nasjonsligaen. Foto: Javad Parsa / NTB

Annonse