Sverige skal framleis satsa på atomkraft

(NPK-NTB-TT): Ti nye atomreaktorar kan byggjast i Sverige etter at regjeringa og delar av opposisjonen har inngått ein avtale om energiforsyning i landet.

– Vi kan ikkje førtidspensjonera svensk kjernekraft, sa energipolitisk talsmann i Moderatarna Lars Hjälmered på ein pressekonferanse fredag.

Her blei den nye avtalen presentert. Det skal satsast stort på fornybar energi, og målet er 100 prosent fornybar kraft innan 2040.

Samtidig blir den såkalla effektskatten på kjernekraft fjerna, og det blir ikkje sett nokon dato for når kjernekrafta skal fasast ut. Opptil ti nye atomreaktorar kan bli bygd som erstatning for eksisterande reaktorar.

I tillegg til Socialdemokraterna og Miljöpartiet, som sit i regjering, har Moderaterna, Centerpartiet og Kristdemokraterna stilt seg bak den nye avtalen. (©NPK)