Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-TT): Sverige vurderer å skjerpe overvakinga av dei 54 radio- og tv-mastene i landet ytterlegare etter fleire forsøk på sabotasje.
npk@npk.no
Publisert: 18.05.2016 kl 18:43
Søndag førte sabotasje til at den 332 meter høge radio- og tv-masta i Borås rasa saman og fall ned over skogen.
Det statlege selskapet Teracom, som eig denne masta og 53 andre av same typen og dessutan 600 mindre master, har skjerpa tryggleiken etter det som skjedde søndag.
Forutan å distribuere radio- og tv-signal, er dei 54 mastene utstyrte med kommunikasjonssystemet Rakel, som er det svenske nødnettet for redningstenesta, politiet, militærpolitiet, ambulansetenesta, SOS-alarmering og den kommunale og statlege krisetenesta. Selskapet vurderer no ytterlegare tiltak.
– Det er diskusjonar i gang om korleis ein skal kunne styrkje overvakinga. Det kan dreie seg om kamera eller ulike typar av alarm, seier kommunikasjonsdirektør Åsa Ragnar i Teracom Boxer Groups.
Politiet er i gang med å undersøkje saka, men så langt har dei ikkje funne grunn til å mistenkje nokon for sabotasje.
Borås-masta er ikkje den einaste som er utsett for sabotasje. I byrjinga av månaden vart det oppdaga ein kutta kabel ved ei mast sør for Tranemo, skriv Borås Tidning. Natt til onsdag sperra politiet av eit område rundt ein mast ved Gävle etter at det vart funne ein mistenkjeleg gjenstand. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.