Sverige slepp EU-dugnad

(NPK-NTB): Sverige er så hardt pressa av dei mange asyltilkomstane at EU-kommisjonen foreslår å sjå bort frå landet i EUs asyldugnad.

EU har i utgangspunktet bestemt å fordele 160.000 asylsøkjarar landa imellom for å lette situasjonen for Italia og Hellas. Men Sverige har no mottatt så mange migrantar og flyktningar at landet bør sleppe å delta det neste året, lyder eit forslag frå Kommisjonen.

– Våre svenske venner oppheld seg i ein unik situasjon, og vi må ta omsyn til den eksepsjonelle auken av asylsøkjarar som dei står overfor, seier EUs migrasjonskommissær Dimitris Avramopoulos ifølgje TT.

Sverige har også bedt om å få fordele nokre av asylsøkjarane som har komme til landet, til andre EU-land. Det ønsket har ikkje Kommisjonen tatt stilling til enno, fortel nyheitsbyrået TT.

EU-dugnaden går uansett svært langsamt. Til no er berre dryge 180 av dei 160.000 asylsøkjarane fordelte. Og Sverige har allereie tatt nokre av dei. (©NPK)

Annonse