Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ritzau): Etter avsløringar om vald og overgrep ved svenske asylsentera, vurderer Migrationsverket å opprette område i sentera der berre kvinner har tilgjenge.
npk@npk.no
Publisert: 01.06.2016 kl 08:20
I eit program på TV4 blei det nyleg avdekt at fleire kvinner på svenske asylsentera er blitt utsett for vald eller overgrep utan å få hjelp frå styresmaktene i ettertid. Eit stort problem, meiner Michael Ribbenvik, operativ sjef i Migrationsverket.
– Det er ein svært alvorleg situasjon. I Sverige skal det ikkje vere ei einaste kvinne som føler at ho ikkje kan gå utanfor døra si på asylsenteret. Vi kjem til å undersøkje om vi kan skape eit stad for kvinner, slik at dei kan ha ein privat sfære og sjølv velje kvar dei vil opphalde seg, seier Ribbenvik. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.