Klargjør siden...

Svevestøv forkortar livet til Oslo-borgarar

(NPK-NTB): Kvart år døyr 185 menneske i hovudstaden for tidleg på grunn av luftforureining, ifølgje Folkehelseinstituttet.

– Dei døyr tidlegare enn dei elles ville ha gjort viss dei ikkje hadde blitt utsette for luftforureining. Dei fleste døyr då av ei forverring av eksisterande sjukdom, som hjarte- og karsjukdommar eller lungeplager, seier avdelingsdirektør Per Schwarze ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Det er første gong forskarar har talfesta konsekvensen av den dårlege lufta i Oslo. Kvart år mistar Oslo-folk til saman 1.753 friske leveår, viser utrekningane Folkehelseinstituttet har gjort på oppdrag frå Statens vegvesen. Utrekningane er gjort på svevestøv, og Schwarze meiner det må setjast i verk tiltak for å redusere utsleppa både frå vedfyring og trafikken. (©NPK)

Annonse