Klargjør siden...

Svindal smelta om gullmedaljen og opprettar fond

(NPK-NTB): Alpinisten Aksel Lund Svindal (33) har smelta om det første VM-gullet sitt. Medaljen har blitt til 3 millionar ørsmå einingar og bidreg samtidig til å bringe fleire nordmenn nærare skisporten.

Medaljen, som han vann i utfor i Åre i 2007, vart smelta om i samarbeid med Telenor.

– Gullmedaljen min er eit symbol på å vere raskast. No blir det fnugg av mitt første VM-gull i kvart nye sim-kort frå Telenor, seier Svindal.

Konsernet bidrar økonomisk når alpinisten og teleselskapet no opprettar eit nytt fond.

– Aksel-fondet har som mål å støtte initiativ som fremmar idrettsglede og som eg brenn for. Det kan vere klubbar og foreiningar som treng utstyr, tiltak for at fleire barn skal få moglegheita til å køyre ski eller som hjelper barn og vaksne til å komme seg etter ein skade, seier Svindal.

Mottakarar av pengar frå fondet blir alt frå små skiklubbar som treng støtte til anlegg eller utstyr, til aktørar som legg til rette for aktivitetar for små og utsette grupper.

Sunnaasstiftelsen er dei første som får pengar frå Aksel-fondet. Dagleg leiar Marianne Holth Dybwad er svært takknemleg for donasjonen på 250.000 kroner.

– Pengane skal brukast i Camp Spinal-prosjektet. I prosjektet blir idrett brukt som middel for å oppnå sjølvstende hos pasientar som er lamme som følgje av alvorlege ryggskadar, seier Dybwad. (©NPK)

Annonse