Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Fem personar i Ålesund er smitta av svineinfluensaviruset H1N1. Det kan vere starten på eit større utbrot.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 20:07
Dei fem er lagt i isolat ved medisinsk avdeling på Ålesund sjukehus, fortel TV 2.
– Dei har alle fått påvist H1N1-viruset og er isolert på same sengepost. Vi reknar med at dette kan vere starten på eit større utbrot. Dei fem er vaksne menneske, nokre eldre, og har ulike grader av underliggjande sjukdom, seier smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal til TV 2.
Folkehelseinstituttet opplyser at svineinfluensa ikkje vert sett på som farlegare enn dei andre influensavirusa i dag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.