Svjatlana Tsikhanowskaja besøkte Stortinget

Belarus' opposisjonsleiar Svjatlana Tsikhanowskaja møtte måndag stortingspresident Masud Gharahkhani og utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

− Det var ei ære for meg å ta imot Tikhanovskaja igjen. Ho er ein fryktlaus leiar av den demokratiske opposisjonen i Belarus, seier stortingspresident Gharahkhani i ei pressemelding.

Han seier vidare at Noreg og Stortinget støttar demokratirørsla i Belarus som blir forfølgd av Lukasjenkos autoritære regime.

– Sjølv om situasjonen i Ukraina med rette tek mykje av merksemda vår, er det viktig å hugse på at også det belarusiske folket lever under svært vanskelege forhold, seier stortingspresidenten.

Møta gav dei norske politikarane høve til å høyre Tikhanovskajas syn på utviklinga i Belarus den siste tida. Ho lever til dagleg i eksil i Litauen.

− Det gjer alltid sterkt inntrykk å møte Tikhanovskaja, som betaler ein høg personleg pris for kampen sin for fridom og demokrati i Belarus. Situasjonen i Belarus blir stadig verre og meir alvorleg, spesielt for dei som opponerer mot Lukasjenko, seier leiar av utanriks- og forsvarskomiteen, Ine Eriksen Søreide (H), i pressemeldinga.

Under besøket sitt i Oslo vil opposisjonsleiaren mellom anna også møte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Tikhanovskaja skal også vere talar på Words Matter-konferansen i regi av Oslo-senteret.

(©NPK)

Svjatlana Tsikhanowskaja var måndag på besøk på Stortinget. Bildet er tatt i samband med eit tidlegare besøk. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum / NTB