Annonse

Ny gransking av Estonia-vraket: Ingen teikn til eksplosjon

Nye undersøkingar av passasjerskipet Estonia, som forliste i Austersjøen i 1994, viser ingen teikn til eksplosjon eller kollisjon, melder SVT.

Eit hittil ukjent hol i skroget vart oppdaga i samband med produksjonen av Discovery-dokumentaren «Estonia – funnet som endret alt», som vart vist i 2020.

Året etter innleidde havarikommisjonane i Sverige, Finland og Estland nye undersøkingar av skroget. Måndag la dei fram ein førebels rapport som mellom anna er basert på nye dykkingar ved skroget. Her konkluderer ekspertane med at det ikkje er nokon grunn til å setje spørsmålsteikn ved konklusjonane i ein rapport som vart skriven i 1997.

Det er også gjort ei ny vurdering av sjødyktigheita til ferja, og denne stadfestar at det mellom anna var skadar i baugporten som gjorde at fartøyet ikkje var sjødyktig, skriv SVT.

852 menneske omkom då ferja sokk 27. september 1994 medan ho var på veg frå Tallinn til Stockholm.

I november 2021 oppgav den svenske havarikommisjonen at dei nye hola truleg er forårsaka av klippar på havbotnen.

Staden der Estonia sokk, har sidan 1995 vore freda som gravplass.

Biletet er frå 18. november 1994 og viser då fronten av skipet blei løfta opp frå vatnet etter forliset. Foto: Lehtikuva / Jaakko Avikainen / Jjsn / EPA / NTB

Annonse