Klargjør siden...

Synnøve Finden tapte Jarlsberg-strid på nytt

(NPK-NTB): Borgarting lagmannsrett slår fast at Synnøve Finden ikkje har lov til å bruke nemninga «jarlsbergost-type» om den nye gulosten Kongsgård.

Lagmannsretten avviste anken frå Synnøve Finden, som argumenterte med at namnet Jarlsberg har vorte generisk, og at det ikkje lenger kan komme inn under merkevarelova. Domstolen konkluderte likevel med at Tine har gjort mykje for å halde varemerket sitt i hevd. Berre i åra 2011 til 2015 har Tine brukt 172 millionar kroner på reklame for osten.

– Gjennom nærmare 60 års eksklusiv bruk er Jarlsberg eit velkjent varemerke. Slik lagmannsretten ser det, er Synnøve Finden AS' bruk av nemninga «jarlsbergost-type» eit inngrep i Tines merkevarerettar, skriv Borgarting lagmannsrett i rettsavgjerda.

Det var Tine som reagerte da den nye osten vart presentert i byrjinga av januar. Selskapet viser til at Jarlsberg har vore registrert som varemerke sidan 1971. Tine bad derfor om ei mellombels åtgjerd, slik at Synnøve Finden ikkje kunne selje osten med den eksisterande emballasjen.

Synnøve Finden meiner å ha omfattande dokumentasjon på at «jarlsbergost» har vore brukt som nemning på den same ostetypen i over 150 år, og at selskapet dermed bør kunne bruke denne typenemninga på same måten som det er vanleg for andre ostetypar som gouda, edamer og cheddar. (©NPK)

Annonse