Annonse

Syrarar får bli i kyrkjeasyl

(NPK-NTB): Tre syriske asylsøkjarar klarte torsdag å koma seg inn i kyrkjeasyl i Kirkenes. Kyrkjelyden vil ikkje avvisa dei.

Dei tre asylsøkjarane rømde Vestleiren mottakssenter utanfor Kirkenes torsdag morgon. Alle tre er frå Syria og blir no vurderte som kyrkjeasylantar, skriv Sør-Varanger sokneråd i ei pressemelding.

Soknerådet opplyser at det ikkje ønskjer å avvisa menneske frå kyrkjebygget.

Det skal no opprettast dialog med kyrkjeasylantane for å avklara behova og ønskja deira. Asylsøkjarorganisasjonen NOAS har vore i kontakt med dei, og politiet er orientert om situasjonen.

Fleire andre blei stoppa av politiet i forsøk på å koma seg ut av Vestleiren torsdag. (©NPK)

Annonse