Klargjør siden...
Annonse

Syria utvekslar fangar mot drepne russarar

(NPK-NTB-AFP): Syriske styresmakter har gått med på å sleppe fri 169 fangar, i byte mot lilka av fem russiske soldatar som blei drepne då helikopteret deira blei skote ned av opprørarar.

– 50 innsette, blant dei sju kvinner, blei onsdag lauslatne frå Adra-fengselet og ytterlegare 84 blei lauslatne frå Hama-fengselet, opplyser advokaten Michel Chammas, som representerer mange av dei lauslatne fangane.

– 31 andre fangar i Homs-fengselet er òg informerte om at dei vil bli lauslatne, men det har enno ikkje skjedd. Fire som fanga andre stader, skal òg sleppast fri, seier Chammas.

Alle dei 169 fangane skuldast for «terrorisme» av syriske styresmakter, men vil no bli lauslatne i byte mot at opprørarar frigjev lika av fem russiske soldatar.

Soldatane blei drepne då helikopteret dei var om bord i blei skote ned av opprørarar i Idlib-provinsen 1. august. Dette var Russlands største enkelttap sidan dei engasjerte seg i borgarkrigen i september i fjor. 18 russiske soldatar er drepne til no.

Chammas ønskjer ikkje å opplyse kva for ei opprørsgruppe dei har forhandla med, men ein talsmann for Ahrar al-Sham, Ahmad Qarra, stadfestar avtalen som er inngått.

– Lika av dei russiske flygarane er i Erobringshærens hender, seier han. Erobringshæren er ein koalisjon av islamistiske opprørsgrupper, blant dei Ahrar al-Sham, og kontrollerer store delar av Idlib-provinsen.

– Vi tar vare på fangane våre og på lika av våre fiendar, for det er den einaste måten vi kan sikre at våre menn, kvinner og barn blir lauslatne frå regimets fangenskap, seier Qarra. (©NPK)

Annonse