Klargjør siden...
Annonse

Syriske bønder er hardt ramma av krigen

(NPK-NTB-Reuters): Krigen har rasert Syrias matproduksjon. Infrastrukturen i landbruket har kollapsa, og bøndene slit i stadig større grad med å brødfø befolkninga.

Den humanitære krisen i Syria blir forverra av ein aukande mangel på den viktigaste basisvara i landet – kveite. Areala for dyrking av både korn og bygg har krympa igjen i år, åtvarar FNs mat- og landbruksorganisasjon FAO.

Kollapsen i landbrukssystemet betyr at Syria kan komme til å slite med å brødfø si eiga befolkning i mange år etter at kampane tar slutt. Behovet for internasjonal bistand vil derfor vere stort også i framtida, peiker FN på.

Kampane og bombene har øydelagt kornsiloar, vatningskanalar og annan infrastruktur i landbruket. I tillegg er dei statlege såkornlagera rundt om i landet hardt ramma. Det inneber at bøndene i Syria berre har fått ein tidel av dei 450.000 tonna såkorn som trengst til sesongens avlingar. (©NPK)

Annonse