Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Ørsta. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 28.09.2021 kl 14:12
Den nybakte Noregsmeisteren i strandvolleyball, Jonas Kvalen, er klar for ny klubb. Voldingen held fram proffeventyret i japanske F.C. Tokyo.
Publisert: 28.09.2021 kl 13:38
Komande torsdag er det drop-in vaksinering på Ørsta kulturhus. Personar som ønskjer å ta dose ein, to eller dose tre for anbefalte grupper, kan stikke innom.
Publisert: 28.09.2021 kl 13:00
Formannskapet har bestemt at dersom Norhus AS skal lage bustadfelt på G/Bnr. 20/610 og 20/6 m.fl. på Heltne, så skal minst 60 prosent av bustadbygga vere einebustadar. I planforslaget frå Norhus er det lagt opp til ei blanding av einebustadar, to- og firemannsbustadar.
Publisert: 27.09.2021 kl 13:00
Vegvesenet er i ferd med å lage ein plan for mindre tiltak langs riksvegar over heile landet. Formannskapet i Volda kommune vil prioritere miljøgate i sentrum og Furene-krysset i konkurransen om pengane. – Krysset i Furene er minst like farleg som flyplasskrysset, meiner ordførar Sølvi...
Publisert: 26.09.2021 kl 12:00
Ei veke er gått sidan Eliteturneringa i Volda campus SpareBank1 arena, og arrangementsansvarleg Leif Røv er i gang med å evaluere gjennomføringa. - Tilbakemeldingane frå spelarar, trenarar, dommarar, sponsorar og publikum er heilt fantastiske.
Publisert: 25.09.2021 kl 20:00
Volda kommune har godkjent planen for masseuttak på Grevsneset med returanlegg for asfalt og betong. Gåande og syklistar som nyttar gamle Austefjordvegen har vore uroa for at vegen skal bli utilgjengeleg, men tiltakshavar seier drifta ikkje vil forandre dagens situasjon.
Publisert: 25.09.2021 kl 11:00
Volda kommune gjer makebyte med utbyggar i Rotsetfjøra. - Dette sikrar tilgang til sjøen for ålmenta, sikrar båtopptrekk og underbygg kvaliteten ved Garvarbuda, meiner kommunedirektøren.
Publisert: 24.09.2021 kl 15:00
Etter forslag frå ordførar Sølvi Dimmen (Sp) har formannskapet vedteke at Volda kommune skal leige ut gymsalen i Austefjord skule til lag og organisasjonar. – Det er ei levande bygd med ei rekke aktivitetar. Vi har lagt ned skulen. Vi skal ikkje leggje ned bygda, seier Dimmen.
Publisert: 24.09.2021 kl 13:30
– Formålet med Globalskolen er i samsvar med kommunen og skulestaden Volda sine verdiar, meiner Volda kommune, som no overtek eigarskapen til skulen for 100.000 kroner.
Publisert: 23.09.2021 kl 13:00
Etter vedtaket i TFU vurderer Steinsvik Olivine AS no alternativa sine. – Det er anten nedlegging, at Volda kommune finansierer asfalteringa, eller at vi klagar på vedtaket, seier dagleg leiar Robert Welsvik.
Publisert: 23.09.2021 kl 12:30
Ein av eigenskapane til bergarten olivin er at den toler høge temperaturar, men det var like før det kokte over då bedriftsleiarar og sinte naboar møtte TFU til synfaring i dagbrotet inst i Dalsfjorden.
Publisert: 22.09.2021 kl 15:40
Volda Utvikling AS kunngjer ein offentleg plan- og designkonkurranse for utviklinga av Aasenkvartalet. - Ein viktig del av konkurransen vil vere å finne den beste utbyggingsstrategien for tomta, og korleis dette kan løysast i stegvise byggetrinn.
Publisert: 21.09.2021 kl 13:00
Voldadamene gjekk heilt til topps på heimebane under eliteturneringa i Volda campus SpareBank1 arena denne helga. Både arrangementet og arenaen får skyrt frå deltakarane. – For ein magisk hall de har bygd, helser Førde Volleyballklubb.
Publisert: 21.09.2021 kl 09:34
Måndag kveld fekk Ørsta kommune melding om eit nytt tilfelle med covid-19. Personen er nærkontakt til eit kjent smittetilfelle.
Publisert: 20.09.2021 kl 13:00
Volda kommune er positive til planen for masseuttak og asfalt- og betongretur på Grevsneset, men konsekvensen kan bli at gamle Austefjordsvegen blir stengt for gåande og syklistar.
Publisert: 19.09.2021 kl 13:00
Vest Biogass AS planlegg eit biogassanlegg på Raudemel i Hornindal som skal stå ferdig i 2023. Anlegget skal ta imot storfegjødsel og avfall frå fiskeoppdrett, og produsere biogass tilsvarande 10 GWh i året.
Publisert: 19.09.2021 kl 11:00
Kommunedirektøren opnar for at Steinsvik Olivine AS kan sleppe å asfaltere heile anleggsvegen fram til olivinbrotet i Vassbakkedalen, men heller asfaltere den delen av vegen som ligg nær busetnad. Tenestutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) skal på synfaring i anlegget før dei tek si...
Publisert: 18.09.2021 kl 13:00
Onsdag hadde Volda ungdomsskule fjelldag. For første gong på to år, kunne heile skulen ha fjelldag samla. Elevane kunne velje mellom tre turalternativ; Folkestadsætra, Galten og Kornbergveten.
Publisert: 17.09.2021 kl 13:21
Ein ny sesong av det populære NRK-programmet Symesterskapet hadde premiere søndag. Blant deltakarane er voldalegen Margrethe Oma. Godt hjelpt av eit sterkt konkurranseinstinkt, kjempar ho om sigeren mot elleve andre syglade deltakarar.
Publisert: 16.09.2021 kl 21:00
Det blir volleyball-fest i Volda campus SpareBank 1 arena heile helga når elitelaga skal finpusse forma inn mot sesongstarten.
Publisert: 16.09.2021 kl 16:04
Naudetatane har rykt ut etter at ein bil har køyrt av vegen i Furene.
Publisert: 16.09.2021 kl 16:00
– Det gler ein varaordførar i Volda, seier Sverre Leivdal når valresultatet er klart, og Ap er største parti på Stortinget. Det til trass for det nest dårlegaste valresultatet partiet har hatt på 100 år, med ei total oppslutning på 26,3 prosent.
Publisert: 16.09.2021 kl 15:00
Miljøpartiet Dei Grøne gjorde sitt beste Stortingsval nokosinne, men kom ikkje over sperregrensa. – Vi sit att med litt blanda kjensler etter valet, men vi må puste med magen og sjå på det vi har oppnådd, seier kommunestyrerepresentant for MDG i Volda, Øyvind Festø.
Publisert: 16.09.2021 kl 14:00
Kristeleg Folkeparti hamna under sperregrensa i Stortingsvalet 2021, og for første gong sidan 1945 har ikkje KrF ein Stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal. Kommunestyrerepresentant for Volda KrF, Arild Iversen, trur partiet vil kome sterkare attende. – Vi har gode saker og burde ha ein...
Publisert: 16.09.2021 kl 13:00
Fredag morgon byrja Eirik Ramsli på den første av 17 rundar rundt Rotevatnet. Over 110 kilometer seinare gjekk han i «mål» laurdag morgon.