Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Ørsta. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 17.11.2020 kl 17:50 - Oppdatert: 17.11.2020 kl 17:54
Volda kommune melder at det er stadfesta ny koronasmitte i Volda. Ein person har testa positivt etter reise i raudt land.
Publisert: 16.11.2020 kl 13:00
Selskapet Lokalbrygg AS har søkt kommunen om løyve til å drive nettsal av alkoholhaldig drikk i Volda. Men tenesteutvalet for oppvekst og kultur seier nei.
Publisert: 15.11.2020 kl 14:00
Under handsaming av marknadar til arealplanen, kom formannskapet inn på ein debatt om bustadbygging i Volda sentrum. Der var fleire skeptiske til det store fokuset på fortetting og bygging i høgda. – Slike utbyggingar er konfliktfylte, og eg er uroa dersom vi ikkje har andre alternativ for å...
Publisert: 15.11.2020 kl 11:00
Honndøler frå fjern og nær har skrive under på ein kampanje for å berge kjøkkenet ved Hornindal omsorgssenter. Kjøkkenet er forslått nedlagt i budsjettframlegget frå Volda kommune.
Publisert: 14.11.2020 kl 14:00
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur vil behalde barnehagen i Austefjord. Dei ber administrasjonen sjå om den kan drivast som ei avdeling under Hornindal barnehage, eller få kopla på ei SFO-ordning for skuleelevane som no kan få Hornindal som skulestad.
Publisert: 14.11.2020 kl 11:00
I 1. divisjon damer er det spelt sju og åtte kampar og det er opprykksfavoritten Follo som leiar serien med tolv poeng. På plassane bak finn vi Bærum (11p), Volda (10p) og Ålgård (9p).
Publisert: 13.11.2020 kl 13:31
Koronapandemien har blussa opp igjen. Konsekvensane for samfunnet er svært dramatiske, ikkje minst for mange av dei som er tilsett i det private næringslivet.
Publisert: 12.11.2020 kl 14:18
Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK) i Volda kommune vil sende alle elevane i Austefjorden til Hornindal skule når skulen deira vert nedlagt. Men dei føreset at det vert ei betring av SFO-tilbodet til elevane.
Publisert: 12.11.2020 kl 14:00
Grunneigaren på Grodås som meiner hagen er øydelagt etter flaumsikringa av Vikaelva, går no til sak mot kommunen. Varaordførar i Volda kommune, Sverre Leivdal (Ap), er ein av naboane til eigedomen, og vert kalla inn som vitne.
Publisert: 11.11.2020 kl 09:31
Ørsta kommune melder at det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte. Smitten er spora attende til smitteutbrotet i Volda.
Publisert: 10.11.2020 kl 10:56
Stortinget har vedteke å gi ekstraordinære midlar til næringshageprogrammet, og Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda får tildelt kr. 510.000 av støttemidlane. – Det medfører at vi kan auke rådgjevingsaktiviteten for bedriftene som deltek i næringshagen sitt program, seier dagleg leiar i...
Publisert: 09.11.2020 kl 15:04
Ørsta brann og redning rykte måndag ettermiddag ut til ein manuell brannalarm i Holmegata, men det synte seg å vere falsk alarm.
Publisert: 09.11.2020 kl 13:00
Volda Utvikling AS inviterer moglege partnarar, investorar og framtidige leigetakarar til samtalar for å realisere Norsk Innovasjonssenter.
Publisert: 09.11.2020 kl 10:33
Ørsta kommune melder at det er registrert eit nytt tilfelle av koronasmitte. Den smitta er ein utanlandsk arbeidar, som har sitte i karantene sidan han kom til landet.
Publisert: 07.11.2020 kl 08:30 - Oppdatert: 07.11.2020 kl 10:49
NRK Møre og Romsdal melder at politiet i natt rykte ut til ein fest i Volda der det var samla 35-40 personar.
Publisert: 07.11.2020 kl 07:33
Natt til laurdag miste to bilførarar lappen etter å ha køyrt i 161 og 152 km/t på E39 Kvivsvegen.
Publisert: 05.11.2020 kl 14:12 - Oppdatert: 05.11.2020 kl 16:02
- God økonomistyring, omprioritering av ressursar og betre statsbudsjett enn venta gir handlingsrom i Volda kommune. Det seier kommunedirektør Rune Sjurgard når han legg fram sitt forslag til kommunebudsjett og økonomiplan.
Publisert: 05.11.2020 kl 13:29
Volda kommune melder at vegarbeidet på E39 ved Klippa er ferdig, og at entreprenør er i ferd med opprydding på staden.
Publisert: 05.11.2020 kl 12:03
Torsdag formiddag melder Volda kommune at det har kome to nye positive prøveresultat. Begge er tilknytt pågåande utbrot og har difor vore i karantene.
Publisert: 05.11.2020 kl 11:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen hadde fått taletid under domstolshøyringa i justiskomiteen onsdag. Der peika ho på at Søre Sunnmøre er eit potensielt utstillingsvindauge for vekst i Distrikts-Noreg. – Men då må trygge og stabile kompetansearbeidsplassar bli verande her.
Publisert: 05.11.2020 kl 09:00
Statsråd for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim, seier Høgskulen i Volda må betale for utstyr i det nye mediebygget sjølve, men høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen set sin lit til at Stortinget ser viktigheita av ei sterk medieutdanning. – Vi håper Stortinget vil gje oss...
Publisert: 04.11.2020 kl 15:55 - Oppdatert: 04.11.2020 kl 16:16
Onsdag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen Midt at Eiksundtunnelen var mellombels stengt grunna gjenstandar i vegbana.
Publisert: 04.11.2020 kl 10:03
Stortingsrepresentant og 2. nestleiar i justiskomiteen, Peter Frølich (H), meiner det blir skapt eit feil inntrykk av regjeringa sitt forslag til domstolsstruktur når det blir sagt at distrikta kjem til å miste dei lokale domstolane sine. - Det skal vere like mykje verksemd på alle rettsstadar...
Publisert: 03.11.2020 kl 16:29
Ordførarane på Søre Sunnmøre stiller seg bak tingretten i Volda i kampen om å overleve som sjølvstendig domstol.
Publisert: 03.11.2020 kl 13:31
Ein bilførar fekk bot for manglande bilbelte og ein fekk bot for mobilbruk då politiet hdde trafikkontroll i Volda.