Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 28.03.2022 kl 14:10
Volda kommune registrerte 197 smittetilfelle med Covid-19 i løpet av veke 12.
Publisert: 25.03.2022 kl 13:00
Gadus Group AS er snart klare mfor driftsstart ved anlegget for torskeoppdrett utanfor Alida, og selskapet håpar dei får løyve på fleire lokasjonar i Volda kommune.
Publisert: 25.03.2022 kl 08:35
Ordførarane på Søre Sunnmøre har sendt krav til regjeringa om at dei tek ein større del av kostnadane med innføringa av journalsystemet Helseplattformen, men svaret frå helse- og omsorgsministeren gir ikkje mykje håp.
Publisert: 24.03.2022 kl 14:00
Med knappast mogleg fleirtal har formannskapet i Volda kommune røysta for å leggje ned kjøkkenet ved Hornindal omsorgssenter. Kjøkkendrifta vert lagt ned frå 1. mai 2022.
Publisert: 24.03.2022 kl 12:00
Volda kommune er oppmoda av IMDi til å ta imot opp til 150 flyktningar. Så langt har kommunen sagt ja til å ta imot 50, men formannskapet er opne for å ta imot fleire.
Publisert: 23.03.2022 kl 21:00
– Det er snakk om store summar, og etter dette vedtaket er det ingen veg tilbake, sa varaordførar Sverre Leivdal (Ap) då formannskapet i Volda vedtok fullfinansiering av nytt symjeanlegg. Anlegget får ein nettokostnad på 203,7 millionar kroner og vil koste 20 millionar kroner i året å...
Publisert: 23.03.2022 kl 11:55 - Oppdatert: 23.03.2022 kl 13:02
Ratio Arkitekter AS har vunne arkitektkonkurransen for «Aasenkvartalet» med teikningane med arbeidstittelen «Og den leiken den ville han sjå».
Publisert: 21.03.2022 kl 11:35 - Oppdatert: 21.03.2022 kl 12:35
Det vart rapportert inn 345 positive koronaprøver i Volda kommune i løpet av førre veke.
Publisert: 18.03.2022 kl 22:00
Statens vegvesen vil byrje nytt reguleringsarbeid for E39 Volda-Furene «Voldatunnelen». Det vert formelt oppstartsmøte før påske, og reguleringsarbeidet er rekna til å ta eit år.
Publisert: 18.03.2022 kl 13:42 - Oppdatert: 18.03.2022 kl 16:24
Volda kommune vil anke avgjerda om at Volda skal betale Ørsta kr. 44 millionar i erstatning etter grensejusteringa av Bjørke og Viddal. – Volda kommune si haldning er at dersom Ørsta kommune har krav på erstatning, så er det Staten som skal betale.
Publisert: 18.03.2022 kl 13:00
Både private og kommunale barnehagar i Volda får styrkja bemanning i småbarnsavdelingane sine. – Det gjer at vi i større grad vil kunne følgje opp og vere tett på dei yngste borna. Det er naudsynt for at vi skal kunne gi dei ein god start og møte behova deira for nærleik og støtte, seier...
Publisert: 17.03.2022 kl 12:00
Christie & Opsahl har gitt Volda kommune forlenga frist for å signere kontrakten for oppdraget med nytt symjeanlegg i Volda sentrum. Den originale vedståingsfristen var sett til 1. mai, men kommunen ventar framleis på klagehandsaming i KOFA
Publisert: 15.03.2022 kl 13:35
Volda førebur seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina og mange har kontakta kommunen med ønskje om å hjelpe til med bustadar, husrom, språkhjelp og anna frivillig innsats.
Publisert: 14.03.2022 kl 10:10 - Oppdatert: 14.03.2022 kl 13:31
Volda kommune melder at det vart registrert 418 nye smittetilfelle med Covid-19 i førre veke.
Publisert: 13.03.2022 kl 13:00
Fleirtalet i Volda kommunestyre ønskjer å fase ut ordninga med sommartid for kommunetilsette. Alle som har ordninga i dag får behalde den så lenge dei er i stillinga, men ingen nytilsette får sommartid.
Publisert: 12.03.2022 kl 11:00 - Oppdatert: 12.03.2022 kl 15:25
Situasjonen i Ukraina gjer at Volda kommune vil ta imot 50 flyktningar i 2022, og opnar for å ta imot fleire. – Når naboen sitt hus brenn ned, så må vi hjelpe dei med tak over hovudet, seier Sindre Kvangarsnes (Voldalista).
Publisert: 10.03.2022 kl 14:30
Vintervêret og korona har gjort at ny ungdomsskule har vore etter skjema. No skal ein vere på rett kjøl, og første milepåle vert tett bygg til 17. mai.
Publisert: 09.03.2022 kl 13:30
Formannskapet har avgjort at Volda likevel skal halde fram som Fairtrade-kommune etter at kommunedirektøren føreslo at ein gjekk ut av ordninga.
Publisert: 07.03.2022 kl 15:35
Tidlegare i dag melde Volda kommune at dei sluttar å sende ut informasjon når publikum rapporterer positive hurtigtestar. - Det er ikkje det same som at vi sluttar å rapportere smittetala. Dette handlar om den individuelle tilbakemeldinga til dei som melder inn positiv prøver, seier kommunen i...
Publisert: 07.03.2022 kl 14:23
Det vart registrert 639 nye smittetilfelle med Covid-19 i Volda kommune i løpet av førre veke.
Publisert: 06.03.2022 kl 13:00
Konfliktar knytt til utbyggingar i etablerte småhusmiljø har gjort at formannskapet har stilt spørsmål ved sin eigen fortettingsstrategi. Men etter å ha vore på synfaring, vil fleirtalet halde fram i fortettingssporet. – Det er ingenting vi har sett som skremmer meg. Det er godt innanfor...
Publisert: 05.03.2022 kl 13:00
– Det synest å vere noko forvirring kring kva tomt Bjørn Dæhlie og Sisa Invest AS ønskjer å kjøpe av kommunen. Så berre for å gjere det heilt klart: Dette er rette tomta!, seier ordførar Sølvi Dimmen etter at ho har fått mange spørsmål om eit eventuelt tinghus vil kome i konflikt med...
Publisert: 04.03.2022 kl 18:00
Formannskapet i Volda har diskutert oppgjeret etter grensejusteringa av Bjørke og Viddal bak lukka dører, men har ikkje avgjort om dei vil anke til overskjøn. – Det er kome gode innspel, og vi skal vurdere alternativa våre før ei eventuell anke, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 04.03.2022 kl 13:00
Ordførarane på Søre Sunnmøre seier dei er uroa over kostnaden innføringa av journalsystemet Helseplattformen vil påføre kommunane, og krev at Staten tek meir av rekninga.
Publisert: 03.03.2022 kl 15:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) seier politikarane no jobbar på spreng for å unngå eit mageplask i symjehall-saka. Volda kommune ventar på handsaming i klagenemnda for offentlege anskaffingar, samstundes som vedståingsfristen for kontrakten med Christie & Opsahl nærmar seg.