Klargjør siden...
Annonse

Artikler om Volda Kommune

Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.

Ny koronasmitta i Volda

Ny koronasmitta i Volda

Publisert:

Måndag ettermiddag fekk Volda kommune melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.

Jonas er ein av berre ti utlendingar i japansk toppvolleyball

Proffeventyret held fram:

Jonas er ein av berre ti utlendingar i japansk toppvolleyball

Publisert:

I den japanske toppserien kan kvart lag berre signere ein utanlandsk spelar. Voldingen Jonas Kvalen er no medlem i denne eksklusive klubben. Møre har snakka med Jonas om ambisjonane før seriestart, om kvardagen i ein av verda sine største og mest folkerike byar, og tankane om livet etter...

Observasjonshytta er riven!

Observasjonshytta er riven!

Publisert:

Laurdag hadde Mork Grendelag samla folk til dugnad på Helgehornet for å rive den gamle observasjonshytta.

Annonse
Annonse
– Rehabilitering er ei investering for framtida

– Rehabilitering er ei investering for framtida

Publisert:

Ein større del av habilitering- og rehabilitering kjem i framtida til å gå føre seg i kommunane. Det krev auka kapasitet og kompetanse, og Volda kommune har byrja prosjektet «Rehabilitering – med brukar i sentrum» og skal arrangere ei krusrekke for tilsette i helse og omsorg.

Ny frist for å søke koronastøtte

Ny frist for å søke koronastøtte

Publisert:

Etter siste tildeling av koronastøtte til lokale verksemder, har Volda kommune framleis att 340.730 kroner i støttemidlar. Midlane må nyttast innan 1. november, elles går dei attende til staten. Kommunen forlenger difor søknadsfristen til 13. oktober.

– Korleis kan vi motverke aukande fattigdom i Volda?

– Korleis kan vi motverke aukande fattigdom i Volda?

Publisert: - Oppdatert: 06.10.2021 kl 14:03

I eit grunngjeve spørsmål i kommunestyret, bed Raudt og SV om at Volda kommune ser på tiltak mot aukande fattigdom i Volda. Dei vil ha tiltak i 2022-budsjettet, men det vert opp til formannskapet korleis ein går vidare i saka.

Volda er med vidare

Helseplattformen – ein pasient, ein journal:

Volda er med vidare

Publisert:

Volda kommune har skrive avropsavtale om å vere med vidare i arbeidet for Helseplattformen, og skal tilsette ein eigen prosjektleiar for innføringa av det nye pasientjournalsystemet.

Nye koronasmitta i Volda

Nye koronasmitta i Volda

Publisert:

Volda kommune har fått melding om to nye tilfelle av Covid-19.

Ny statsforvaltar i Møre og Romsdal

Ny statsforvaltar i Møre og Romsdal

Publisert:

Fredag 1. oktober tiltrer Else-May Norderhus som statsforvaltar i Møre og Romsdal. Konstituert statsforvaltar, Rigmor Brøste, går tilbake til stillinga som assisterande statsforvaltar.

Drop-in vaksinering i Ørsta

Stikk innom:

Drop-in vaksinering i Ørsta

Publisert:

Komande torsdag er det drop-in vaksinering på Ørsta kulturhus. Personar som ønskjer å ta dose ein, to eller dose tre for anbefalte grupper, kan stikke innom.

Set krav om einebustadar på Heltnemarka

Set krav om einebustadar på Heltnemarka

Publisert:

Formannskapet har bestemt at dersom Norhus AS skal lage bustadfelt på G/Bnr. 20/610 og 20/6 m.fl. på Heltne, så skal minst 60 prosent av bustadbygga vere einebustadar. I planforslaget frå Norhus er det lagt opp til ei blanding av einebustadar, to- og firemannsbustadar.

Prioriterer sentrum og Furene

Prioriterer sentrum og Furene

Publisert:

Vegvesenet er i ferd med å lage ein plan for mindre tiltak langs riksvegar over heile landet. Formannskapet i Volda kommune vil prioritere miljøgate i sentrum og Furene-krysset i konkurransen om pengane.
– Krysset i Furene er minst like farleg som flyplasskrysset, meiner ordførar Sølvi...

Kan framleis nytte vegen – på eige ansvar

Kan framleis nytte vegen – på eige ansvar

Publisert:

Volda kommune har godkjent planen for masseuttak på Grevsneset med returanlegg for asfalt og betong. Gåande og syklistar som nyttar gamle Austefjordvegen har vore uroa for at vegen skal bli utilgjengeleg, men tiltakshavar seier drifta ikkje vil forandre dagens situasjon.

Gjer makebyte i Rotsetfjøra

Gjer makebyte i Rotsetfjøra

Publisert:

Volda kommune gjer makebyte med utbyggar i Rotsetfjøra. - Dette sikrar tilgang til sjøen for ålmenta, sikrar båtopptrekk og underbygg kvaliteten ved Garvarbuda, meiner kommunedirektøren.

– Vi har lagt ned skulen. Vi skal ikkje leggje ned bygda

– Vi har lagt ned skulen. Vi skal ikkje leggje ned bygda

Publisert:

Etter forslag frå ordførar Sølvi Dimmen (Sp) har formannskapet vedteke at Volda kommune skal leige ut gymsalen i Austefjord skule til lag og organisasjonar. – Det er ei levande bygd med ei rekke aktivitetar. Vi har lagt ned skulen. Vi skal ikkje leggje ned bygda, seier Dimmen.

Volda kommune overtek Globalskolen

Volda kommune overtek Globalskolen

Publisert:

– Formålet med Globalskolen er i samsvar med kommunen og skulestaden Volda sine verdiar, meiner Volda kommune, som no overtek eigarskapen til skulen for 100.000 kroner.

– Vedtaket er basert på feil premissar

– Vedtaket er basert på feil premissar

Publisert:

Etter vedtaket i TFU vurderer Steinsvik Olivine AS no alternativa sine. – Det er anten nedlegging, at Volda kommune finansierer asfalteringa, eller at vi klagar på vedtaket, seier dagleg leiar Robert Welsvik.

Kvass ordveksling i Dalsfjorden

Steinsvik Olivine får ikkje dispensasjon:

Kvass ordveksling i Dalsfjorden

Publisert:

Ein av eigenskapane til bergarten olivin er at den toler høge temperaturar, men det var like før det kokte over då bedriftsleiarar og sinte naboar møtte TFU til synfaring i dagbrotet inst i Dalsfjorden.

Lyser ut designkonkurranse for Aasenkvartalet

Lyser ut designkonkurranse for Aasenkvartalet

Publisert:

Volda Utvikling AS kunngjer ein offentleg plan- og designkonkurranse for utviklinga av Aasenkvartalet. - Ein viktig del av konkurransen vil vere å finne den beste utbyggingsstrategien for tomta, og korleis dette kan løysast i stegvise byggetrinn.

Stenger populær tur- og sykkelveg?

Stenger populær tur- og sykkelveg?

Publisert:

Volda kommune er positive til planen for masseuttak og asfalt- og betongretur på Grevsneset, men konsekvensen kan bli at gamle Austefjordsvegen blir stengt for gåande og syklistar.

Biogassanlegg kan stå klart i 2023

Biogassanlegg kan stå klart i 2023

Publisert:

Vest Biogass AS planlegg eit biogassanlegg på Raudemel i Hornindal som skal stå ferdig i 2023. Anlegget skal ta imot storfegjødsel og avfall frå fiskeoppdrett, og produsere biogass tilsvarande 10 GWh i året.

TFU på synfaring i Vassbakkedalen

Steinsvik Olivine AS:

TFU på synfaring i Vassbakkedalen

Publisert:

Kommunedirektøren opnar for at Steinsvik Olivine AS kan sleppe å asfaltere heile anleggsvegen fram til olivinbrotet i Vassbakkedalen, men heller asfaltere den delen av vegen som ligg nær busetnad. Tenestutvalet for forvaltning og utvikling (TFU) skal på synfaring i anlegget før dei tek si...

Endeleg fjelldag for heile skulen

Volda ungdomsskule:

Endeleg fjelldag for heile skulen

Publisert:

Onsdag hadde Volda ungdomsskule fjelldag. For første gong på to år, kunne heile skulen ha fjelldag samla. Elevane kunne velje mellom tre turalternativ; Folkestadsætra, Galten og Kornbergveten.

Ap størst på Stortinget

Ap størst på Stortinget

Publisert:

– Det gler ein varaordførar i Volda, seier Sverre Leivdal når valresultatet er klart, og Ap er største parti på Stortinget. Det til trass for det nest dårlegaste valresultatet partiet har hatt på 100 år, med ei total oppslutning på 26,3 prosent.

– Sit att med litt blanda kjensler

Historisk val for MDG, men nådde ikkje sperregrensa:

– Sit att med litt blanda kjensler

Publisert:

Miljøpartiet Dei Grøne gjorde sitt beste Stortingsval nokosinne, men kom ikkje over sperregrensa. – Vi sit att med litt blanda kjensler etter valet, men vi må puste med magen og sjå på det vi har oppnådd, seier kommunestyrerepresentant for MDG i Volda, Øyvind Festø.