Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 25.02.2021 kl 11:00
SV var med i fleirtalet på Stortinget som tysdag vedtok lågare ferjeprisar. -For oss som kjempar for fleire, grønare og billigare ferjer som alternativ til dyre fjordkryssingar, er dette ein viktig siger, seier stortingskandidat Marit Aklestad frå Ørsta.
Publisert: 25.02.2021 kl 10:32
Stortinget har vedteke at regjeringa skal kome med eit forslag til reduserte ferjeprisar i revideringa av statsbudsjettet. – Å kutte ferjeprisane er ei satsing på folk, arbeid og verdiskaping langs kysten vår, seier Fredric Holen Bjørdal (Ap).
Publisert: 25.02.2021 kl 09:00
No vert det lys i fyrlykta i småbåthamna. – Kystverket har rusta opp fyrlykta så den er funksjonell og ikkje berre eit kulturminne, seier Torgeir Stensø i Volda kommune.
Publisert: 24.02.2021 kl 13:00
SpareBank1 Søre Sunnmøre gir kr 500.000 til Hornindal skisenter til bygging av juniortrekk med barnepark og eiga skicrossløype for dei minste.
Publisert: 23.02.2021 kl 06:00 - Oppdatert: 23.02.2021 kl 10:32
Ordførarane på Søre Sunnmøre vil opne kommunegrensene for barne- og ungdomsidretten. - Det er total skivebom når dei nasjonale retningslinene seier at det kommunegrensa som skal bestemme, utan omsyn til den lokale smittesituasjonen, seier Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 22.02.2021 kl 12:47
– Det er veldig kjekt å endeleg ha opna. Fleire har kome og vore overraska over at det har opna ein ny butikk her, smiler Ellen Taraldset, eigar av M.E. and mum.
Publisert: 22.02.2021 kl 09:06
Volda kommune melder at den positive koronaprøva som kom fredag, ikkje er ein mutert variant av viruset.
Publisert: 21.02.2021 kl 16:00
På grunn av koronasituasjonen og smittevernomsyn har Melshornets Venner avgjort at årets utgåve av Rando Highway vert arrangert over ei heil veke i vinterferien.
Publisert: 21.02.2021 kl 13:00
Høgskulen i Volda stiller seg positive til ei reguleringsendring av symjehall-tomta på Joplassen og øsnkjer kommunen lukke til i arbeidet.
Publisert: 21.02.2021 kl 07:00
Melshornets Venner gir fleire par randonee-ski til utlånssentralen i Volda. – Vi håpar det vil bidra til at fleire born og unge kan få sjansen til å oppleve dei fantastiske toppturane vi har her lokalt , seier Sindre Monsholm.
Publisert: 20.02.2021 kl 15:30
Det har synt seg vanskeleg å få plass til alt ein ønskjer i eit nytt symjeanlegg på Joplassen etter gjeldande reguleringsplan. Volda kommune vil difor justere byggegrensene og opne for at symjehallen kan byggast nærare inntil Volda campus SpareBank 1 arena.
Publisert: 20.02.2021 kl 13:00
Volda kommune har signert avtale om overtaking av Bratteberg barnehage, som vert kommunal frå 1. april. Frå august vil barnehagebarn og tilsette frå Sollia også få sin barnehage her.
Publisert: 20.02.2021 kl 06:00
Volda KrF er svær glade for at Volda kommune får ta del i pilotprosjektet «Fritidskortet». – Dette vil vere viktig for mange av våre born og unge, seier Arild Iversen.
Publisert: 19.02.2021 kl 16:25
Jon Georg Dale går frå Stortinget sin energi- og miljøkomitè til arbeids- og sosialkomitèen.
Publisert: 19.02.2021 kl 13:00
Etter at Volda kommune sa nei til Statsbygg sitt siste forslag til universelt utforma gangveg over akebakken bak Øyra skule, vel no Statsbygg å leggje vekk planane.
Publisert: 18.02.2021 kl 15:00
Samferdsleavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune vil endre vikepliktsreguleringa i krysset ved ferjeleiet på Lauvstad.
Publisert: 18.02.2021 kl 10:45 - Oppdatert: 18.02.2021 kl 16:16
Volda kommune har ikkje fått melding om nye positive koronaprøver sidan slutten av januar, og no er alle som har sitte i isolasjon eller karantene friskmelde.
Publisert: 18.02.2021 kl 10:05 - Oppdatert: 18.02.2021 kl 10:20
For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg for m.a. studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Volda ungdomsskule.
Publisert: 18.02.2021 kl 09:29
Koronasituasjonen fører til at den populære Voldamusikalen vert avlyst. Men fortvil ikkje, det vert musikkglede likevel: Musikalen vert erstatta av musikkvideoar laga av elevane og lærarane ved Volda vidaregåande skule.
Publisert: 16.02.2021 kl 13:44
Volda og Ørsta kommunar har gått saman og utarbeidd koronaråd for vinterferien i veke 7-9.
Publisert: 13.02.2021 kl 15:00
Volda kommune melder at dei truleg vil kome i mål med dose 2 av koronavaksinen for alle som bur på sjukeheim i løpet av neste veke.
Publisert: 10.02.2021 kl 14:00
Volda kommunen meiner ei reguleringsendring av bassengtomta på Joplassen ikkje vil vere til hinder for framdrifta. – Vi legg opp til at dette vert gjort som ei mindre endring, og styrer etter fastlagt framdriftsplan, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Jarl Martin Møller.
Publisert: 10.02.2021 kl 12:00
Stiftinga Voldabadet er uroa for framdrifta for nytt symjeanlegg i Volda sentrum og saknar entusiasme frå kommunen. – No må ein avklare eventuelle reguleringsendringar og få fart i prosessen. Ein må slutte å jobbe med handbrekket på.
Publisert: 09.02.2021 kl 11:03
Cupnemnda for Kiwi-cupen har valt å avlyse årets turnering. – Fotballcup skal vere kamp, aktivitet og moro. Ikkje usikkerheit, tiltak og avstand.
Publisert: 08.02.2021 kl 15:09
Mads Indresøvde (42) gler seg til å ta fatt i den nye stillinga som dagleg leiar for Sunnmøre Kranservice.