Klargjør siden...
Annonse

Artikler om Volda kommune

Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.

Ny ungdomsskule er i rute

Har merka koronakrisa, men:

Ny ungdomsskule er i rute

Publisert:

Byggjenemnda er orienterte om at arbeidet med ny ungdomsskule ikkje er særleg råka av koronakrisa, og at arbeidet med konkurransegrunnlaget for anbodsprosessen er i full gang.

Bygdeskulane først ut

Volda-skulen opnar stegvis:

Bygdeskulane først ut

Publisert:

Ordførar Sølvi Dimmen seier dei fleste skulane i Volda kommune opnar måndag. Unntaket er sentrumsskulane, som får ei meir stegvis opning.

– Vi lagar ein «Berlin-mur» i Volda

Utsette handsaming av skiltplan:

– Vi lagar ein «Berlin-mur» i Volda

Publisert: - Oppdatert: 07.05.2020 kl 19:37

Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling i Volda kommune har utsett handsaminga av skiltplan i høve betalingsparkering ved Høgskulen. Dei vil at HVO og Statsbygg skal sjå på andre alternativ til betalingsparkering for å få kontroll på parkeringssituasjonen på høgskuleområdet.

Annonse
Annonse
– Pasientane våre slit med å finne ledig parkering

Vurderer betalingsparkering ved sjukehuset:

– Pasientane våre slit med å finne ledig parkering

Publisert: - Oppdatert: 07.05.2020 kl 19:36

Helse Møre og Romsdal vurderer å innføre betalingsparkering ved Volda sjukehus. – Vi får tilbakemeldingar frå pasientar som ikkje greier å finne parkering når dei skal møte til time, og då må vi vurdere korleis vi kan løyse problemet, seier Knut Nautvik.

Positive til utbygging på Øvre Rotset

Positive til utbygging på Øvre Rotset

Publisert:

Fleirtalet i formannskapet er positive til at Retail Eiendom AS skal få byggje ny Rema 1000-butikk på Øvre Rotset. Men framleis står det att avklaringar med andre grunneigarar i området.

Oppklaringsmøte om idrettshall og symjeanlegg

Forundra styreleiar i VCA AS vil ha:

Oppklaringsmøte om idrettshall og symjeanlegg

Publisert: - Oppdatert: 07.05.2020 kl 13:03

Styreleiar i VCA AS, Arild Bakke, seier den nye idrettshallen er bygd med tanke på sambruk med eit symjeanlegg, og inviterer byggjenemnda, kommuneadministrasjonen og Stiftinga Voldabadet til eit møte for å oppklare eventuelle mistydingar. – Det kan vere på høg tid at alle gode krefter...

- Kven er det som har sove i timen?

Uroa for sambruken mellom idrettshall og symjeanlegg:

- Kven er det som har sove i timen?

Publisert: - Oppdatert: 07.05.2020 kl 13:04

Det vart ein lang debatt i den kommunale byggenemnda om moglegheitene for å kople eit symjeanlegg på idrettshallen. Uno Lundberg fryktar ein må rive ned for å bygge opp igjen dersom ein skal få til ei effektiv samankopling. – Bør vi ikkje heller sjå på kva tilpassingar som kan gjerast no?

Vil byggje Rema 1000-butikk på Øvre Rotset

Vil byggje Rema 1000-butikk på Øvre Rotset

Publisert:

Retail AS søkjer Volda kommune om dispensasjon for å få byggje ny Rema 1000-butikk på Øvre Rotset. Men butikken på Spinneriet skal halde fram.

13 nye koronatesta

Volda:

13 nye koronatesta

Publisert:

Etter at det vart gjort 13 nye testar i går, er det no til saman 368 personar i Volda som er testa for koronasmitte.

Avlyser Sunnmøre Kammermusikkfestival

Avlyser Sunnmøre Kammermusikkfestival

Publisert: - Oppdatert: 05.05.2020 kl 12:35

I staden for å feire 10-årsjubileum må Sunnmøre Kammermusikkfestival avlyse årets arrangement på grunn av koronasituasojen.

18 nye koronatesta i Volda

18 nye koronatesta i Volda

Publisert: - Oppdatert: 05.05.2020 kl 09:33

Volda kommune melder at 18 nye personar vart koronatesta i går. Så langt er 355 personar testa i Volda.

32 nye koronatestar i Volda - ingen nye smitta

32 nye koronatestar i Volda - ingen nye smitta

Publisert: - Oppdatert: 04.05.2020 kl 13:18

Førre torsdag vart 32 personar koronatesta i Volda. Ingen av dei har hittil fått påvist smitte.

Held fram helsestasjon-samarbeid

Held fram helsestasjon-samarbeid

Publisert:

Volda kommune, Høgskulen og Studentsamskipnaden vidarefører samarbeidsavtalen om helsestasjon for studentar og ungdom i paviljongen ved Øyra skule.

- Det er greit å samlast i små grupper

Ordføraren med melding til russen:

- Det er greit å samlast i små grupper

Publisert:

Ordførar Sølvi Dimmen håpar folk tenker smittevern medan dei kosar seg i sola. - Det er greit å samlast i små grupper, men ein må vere bevisste på smittevernreglane.

30 nye koronatestar i dag

Volda:

30 nye koronatestar i dag

Publisert:

Volda kommune har oppmoda til at fleire testar seg for koronasmitte, og mange har teke kontakt. Berre torsdag har 30 nye personar blitt testa.

Vegen over Aldalen er open

Vegen over Aldalen er open

Publisert:

Volda kommune melder at vegen over Aldalen er opna frå kl. 13 torsdag ettermiddag.

Ingen nye smittetilfelle i Volda

305 er koronatesta:

Ingen nye smittetilfelle i Volda

Publisert:

Volda kommune melder at til saman 305 personar er testa for koronasmitte i Volda, og det er ikkje registert nye tilfelle.

Ny asfalt gjennom Volda sentrum

Ny asfalt gjennom Volda sentrum

Publisert:

Både E39 gjennom Volda sentrum og E39 frå Grodås til Kvivstunnelen skal få ny asfalt når Statens vegvesen set i gang årets asfalt-sesong.

Arbeidsgjevaravgifta kan verte uendra i Hornindal

Arbeidsgjevaravgifta kan verte uendra i Hornindal

Publisert:

Ei utsetting av EU sitt nye regelverk for regional statsstøtte kan føre til at næringslivet i «gamle» Hornindal slepp å få auka arbeidsgjevaravgift.

Ønskjer at fleire koronatestar seg

Kommuneoverlegen i Volda:

Ønskjer at fleire koronatestar seg

Publisert:

Kommuneoverlege i Volda, Inger Lise Kaldhol, ønskjer at fleire personar i kommunen som har luftvegssymptom skal teste seg for koronasmitte. – Det er ledig kapasitet.

Vil ha mindre utgreiing og meir basseng

Vil ha mindre utgreiing og meir basseng

Publisert:

Stiftinga Voldabadet meiner kommunen kastar vekk tid og ressursar på å utgreie fire alternativ for nytt symjeanlegg. – Det bør spissast til to alternativ, seier stiftinga og meiner valet bør stå mellom eit minimumsalternativ for symjeopplæring og deira eige forslag om eit folkebad.

Både Volda og Ørsta har budsjettert med kraftinntektene

Vert ikkje samde om Bjørxit-oppgjeret:

Både Volda og Ørsta har budsjettert med kraftinntektene

Publisert:

Både Volda og Ørsta har budsjettert med kraftpengane frå Bjørke, og no ber Fylkesmannen dei om å setje seg til forhandlingsbordet.

Politiet ønskjer å bli varsla

Politiet ønskjer å bli varsla

Publisert:

I ei pressemelding seier politiet ønskjer å vere i forkant av uønska hendingar, kriminaltet og negativ utvikling i høve koronakrisa, og ber difor om at publikum er flinke til å varsle dei.

Ingen nye koronasmitta i Volda

Ingen nye koronasmitta i Volda

Publisert: - Oppdatert: 24.04.2020 kl 14:55

Under pressekonferansen fredag ettermiddag kunne ordførar Sølvi Dimmen stadfeste at det ikkje har vore nye registrerte tilfelle av koronasmitte i Volda sidan 26. mars.

Utset spørsmålet om Tussa-utbytte til sommaren

Utset spørsmålet om Tussa-utbytte til sommaren

Publisert: - Oppdatert: 24.04.2020 kl 09:42

Generalforsamlinga i Tussa har vedteke å utsette handsaminga av utbyttebetaling til sommaren. Det vert gjennomført ny ordninær generalforsamling i juni.