Klargjør siden...
Annonse

Taiwan opphevar koronarestriksjonar

Taiwan har etter to og eit halvt år oppheva alle innreiserestriksjonar som var innførte grunna koronapandemien. Dermed kan turistar igjen fritt besøkje øya.

Hongkong og Taiwan kravde lenge, til liks med Kina, at besøkjande sat i karantene, også då dei fleste andre land opna grensene for turistar.

No må ikkje lenger besøkjande gå i karantene eller ta PCR-test, men dei må stadig følgje med på eiga helse i veka etter dei kjem, og dessutan ta negativ hurtigtest den dagen dei kjem.

Om ein ønskjer å gå utandørs i den første veka, må ein ta negativ hurtigtest anten same dag eller dagen før.

Fleire titals tilreisande frå Thailand var blant dei første som kom til den taiwanske hovudstaden Taipei like etter midnatt torsdag.

Styresmaktene på øya anslår at 244 turistar frå 20 ulike turistgrupper kjem gjennom dagen.

(©NPK)

Taiwan oppheva torsdag innreiserestriksjonane som var innførte på grunn av koronapandemien. Dei første turistane som kom til øya, fekk suvenirar og blomsterkransar. Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB

Annonse