Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AP): Taleregistratoren til EgyptAir-flyet som styrta i Middelhavet førre månad, er funnen, opplyser egyptiske styresmakter.
npk@npk.no
Publisert: 16.06.2016 kl 16:44
Boksen med taleregistratoren er skadd, men ekspertar skal ha greidd å finne minneeininga som kan kaste lys over kva som fekk flyet til å styrte, opplyser luftfartsstyresmaktene i Egypt.
Boksen er no på veg tilbake til fastlandet om bord i skipet som fann han og henta han opp frå djupet.
Onsdag vart det kjent at leitefartøyet John Lethbridge hadde funne vrakdelar frå flykroppen fleire stader.
EgyptAirs rute MS804 styrta i Middelhavet med 66 menneske om bord på veg frå Paris til Kairo 19. mai. Årsaka til styrten er ikkje kjent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.