Annonse

Taleskrivaren til Melania Trump beklagar plagiat

(NPK-NTB-AP-DPA): Ein av taleskrivarane til kona til Donald Trump ber om orsaking for at delar av talen til Michelle Obama frå 2008 «sneik seg inn» i landsmøtetalen til Melania.

Meredith McIver seier ho har levert sin avskjedssøknad etter at ho blei skulda for plagiat, men at Donald Trump har avvist den. I ei utsegn onsdag forklarer taleskrivaren kvifor landsmøtetalen til Obama frå 2008 kom til å likne på talen som kona til den republikanske presidentkandidaten heldt i Cleveland måndag.

Medan McIver jobba med talen til fru Trump, leste ho utdrag som ho beundra frå talen til førstedame Obama. Ho tok notat, og notata hamna sidan i den endelege versjonen av talen til Melania Trump, forklarer McIver.

– Eg sjekka ikkje talane til fru Obama. Det var min feil, og eg er frykteleg lei for kaoset eg har skapt for Melania og for Trump-familien, og for fru Obama. Det var ikkje vondt meint, seier taleskrivaren i eit brev offentleggjort av valkampstaben til Trump.

Plagiatskuldingane har fullstendig dominert mediedekninga av landsmøtet til Republikanarane, som starta måndag i Cleveland i delstaten Ohio. Staben til Trump har avvist alle skuldingar om plagiat og seier likskapane mellom dei to talene var tilfeldig. (©NPK)

Annonse