Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Ritzau): Fleire enn 90 menneske i Sibir kan vere smitta av miltbrann etter at ei hetebølgje har vekt den dødelege bakterien, som sist blei påvist i Russland under andre verdskrigen, til liv igjen.
npk@npk.no
Publisert: 03.08.2016 kl 18:29
– 20 av dei innlagde har fått miltbranninfeksjon. To tredelar av dei har sjukdommen i huda. Den er lettast å behandle. Den andre er av den meir kompliserte typen som sit i tarmen, seier den leiande epidemispesialisten i landet, Ljudmila Volova, til Siberian Times.
54 av dei som er frykta smitta er barn, og ein tolv år gammal gut døydde måndag av miltbranninfeksjon. Bestemora til guten døydde førre veke, men det er uvisst om dødsfallet kjem av den farlege bakterien.
Det plutselege utbrotet kom etter ein månad med temperaturar på opp mot 35 grader i det arktiske område, som ligg om lag 2.000 kilometer nordaust for Moskva. Hetebølgja har truleg smelta det øvste laget av permafrosten i bakken, og russiske styresmakter trur bakterien har lege i dvale sidan førre utbrot i området i 1941.
Opptil 2.500 reinsdyr har også blitt smitta, og styresmaktene har forbode all eksport av kjøt, gevir og hud frå området.
– Situasjonen er under kontroll og vi håpar utbrotet spaknar, seier helseminister Veronika Skvartsova til nyheitsbyrået Tass.
Ho meiner at det ikkje er fare for at miltbrannen spreier seg frå Sibir til andre delar av Russland.
Meir enn 200 spesialsoldatar, helikopter og dronar blei måndag sett inn i for å desinfisere området og brenne dei infiserte dyra. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.