Annonse

Talet på terrorangrep meir enn sjudobla sidan 2000

(NPK-NTB): Talet på terrorangrep på verdsbasis auka frå 1.812 i 2000 til 13.370 i 2014. Ekspertar trur vi kan vente fleire angrep i Vesten i framtida.

I 2014 mista 32.658 menneske livet i terrorangrep, ifølge tal frå tenkjetanken Institute for Economics and Peace. Det er 80 prosent fleire enn året før og nesten ti gonger så mange som i 2000, då 3.316 vart drepne, skriv Aftenposten.

78 prosent av dei drepne i terrorangrep i 2014, døydde i fem land: Pakistan, Irak, Nigeria, Afghanistan og Syria. Så langt har angrepa vore konsentrerte om å skaffe seg kontroll over land, men nyare grupperingar som utfører terror, kan utgjere ein større trussel mot Vesten og Europa, meiner ekspertar.

Ifølge NUPI-forskar Morten Bøås er det eit skilje mellom eldre og nyare grupper: For eldre grupper som Taliban og Al-Qaida er målet å slite ut styresmaktene og Vesten, mens for eksempel ekstremistane i IS har ein annan strategi. Dei ønsker å provosere og dra Vesten inn i krigføringa fordi dei livnærer seg av kaoset, meiner Bøås.

Med IS' tap av territorium i 2015 kan det komme ei endring, meiner den amerikanske tenkjetanken Stratfor. Dersom ekstremistgruppa føler seg utsett på heimebane, kan det føre til fleire terrorangrep utanfor Midtausten i eit forsøk på å halde oppe status.

– Vi må nok vente fleire forsøk på terrorangrep i Europa. Men vi vil også sjå fleire arrestasjonar. Nokre vil nok sleppe igjennom, men det er ofte tilfeldig kven, seier forskar Anne Stenersen ved Forsvarets forskningsinstitutt til Aftenposten.

Av terrorangrepa der gruppa som stod bak er kjent, stod IS og Boko Haram for 51 prosent i 2014. Totaltalet for 2015 er ikkje klart, men i første halvdel av året skjedde det omtrent like mange terrorangrep som i same periode i rekordåret 2014. (©NPK)

Annonse