Klargjør siden...

Taliban-minister tapte i lagmannsretten – får ikkje komme til Norge

(NPK-NTB): Den tidlegare Taliban-ministeren Abdul Rauf Mohammad (55) vart i 2014 kasta ut av Norge. Han gjekk til sak og tapte i Oslo tingrett, og no har Borgarting lagmannsrett forkasta anken.

Borgarting lagmannsrett slår fast at staten var i sin fulle rett då dei utviste den tidlegare helseministeren i Taliban av omsyn til rikets sikkerheit i 2014, melder VG.

Rauf vart utvist frå Noreg første gong i 2009 etter at han vart dømt til fengsel i fem månader for vald og truslar mot dottera. Etter fleire ankar vedtok Justisdepartementet sommaren 2014 å utvise Rauf «av omsyn til grunnleggjande nasjonale interesser». Han fekk også varig innreiseforbod.

Justisdepartementet såg da på Rauf Mohammad som «ein person med ekstreme islamistiske haldningar, som radikaliserte og fungerte som mentor på ein slik måte at det låg føre risiko for at andre ville gjere terrorhandlingar i hans namn».

– Det er ikkje opplysingar i saka som på ein truverdig måte gir grunnlag for å rekne med at han spesielt skulle stå i ein reell fare for å bli utsett for dødsstraff, tortur eller annan umenneskeleg eller nedverdigande behandling ved retur til Kabul, heiter det i dommen.

Kona og Raufs tre barn bur framleis i Noreg, men retten meiner grunnleggjande nasjonale interesser er viktigare enn 55-åringens rett til familieliv.

Rauf Mohammad vart uttransportert til Afghanistan i juli 2014, 13 år etter at han kom til Noreg som flyktning og fekk opphaldsløyve. (©NPK)

Annonse