Annonse
Annonse
Annonse

Tåregass mot demonstrantar utanfor oljemøte i Paris

Politi har brukt tåregass mot demonstrantar som har samla seg utanfor det franske oljeselskapet TotalEnergies' generalforsamling i Paris.

Annonse

Fleire titals klimaaktivistar sperra ved daggry gatene som førte inn til konferansesenteret Salle Pleyel, og dei vart møtte med tåregass då dei nekta å rette seg etter politiet oppmoding om å flytte seg.

Demonstrantane ropte «Alt vi vil er å velte Total» og «En, to og tre grader, vi har Total å takke», med tilvising til den globale oppvarminga.

Liknande protestar er tidlegare haldne når andre store oljeselskap som Shell og BP har halde møte.

(©NPK)