Klargjør siden...

Tarjei Bø vann sprinten i Hochfilzen – Eg har ikkje vore bortskjemd med å vinne

Skiskyttarveteran Tarjei Bø (35) vann sprinten i verdscupen i austerrikske Hochfilzen fredag. Det vart eit spennande sekunddrama mot lagkompis Sturla Lægreid.

Bø gjorde ein svært sterk sprint og leverte feilfritt på standplass.

Likevel vart det spenning då Sturla Holm Lægreid gjorde det same seinare i løpet. Sistnemnde gjekk likevel i mål 4,9 sekund bak Bø.

– Det kjennest som ein lette. Det var tungt. Ikkje søren om eg skulle tape mot svensken. Det var bra motivasjon at det var to svenskar, sa Bø til TV 2 etter rennet.

7. mars 2021 var førre individuelle verdscupsiger for Bø.

– Det er sigeren som har mangla dei siste sesongane. Det har vore altfor mange 2.-plassar bak Johannes. Endeleg var det min tur. Eg har ikkje vore bortskjemd med å vinne, sjølv om eg har gjort masse gode renn og komme på pallen.

Den svenske duoen Sebastian Samuelsson og Martin Ponsiluoma tok til 3.- og 4.-plass.

– Eg blir rørt

Lægreid har lagt bak seg ein periode med svak form og problem med kroppen.

– Eg blir litt rørt. Eg veit det er nokon heime som har følgt med spent, sa Lægreid etter at 2.-plassen var sikra.

Han legg ikkje skjul på at han har vore inne i ein tøff periode. Dermed var det gledeleg å sjå at det endeleg losna i konkurranse.

– Det eg fekk til i dag var verkeleg stort for meg. Det er noko av det største eg har fått til, sa han.

Rakna

Johannes Thingnes Bø gjekk ut med startnummer 21 og hadde rask fart i sporet frå start. Stryningen plaffa ned alle dei fem blinkane på liggjande skyting og hadde 10,8 sekund ned til dåverande toar Benedikt Doll.

– Det var eigentleg eit ekstremt bra løp. Eg kjende meg heilt kanon. Det var den beste skigåinga denne sesongen.

Han gjekk mot ein lovande sprint, men kollapsa fullstendig på ståande skyting. Under solide forhold på standplass bomma han på tre blinkar.

– For ein sprekk, utbraut TV 2s skiskyttarkommentator Marius Skjelbæk.

Hovudpersonen sjølv var usikker på kva som skjedde.

– Korleis eg plukka opp tre bom av hatten der, det veit eg ikkje.

30-åringen gjekk i mål som nummer fire med 27,9 sekund opp til dåverande leiar Johannes Dale-Skjevdal. Seinare fall han nedover på resultatlistene.

– Eit stykke bak

Stryningen var overlegen førre sesong og tok 16 enkeltsigrar i verdscupen, og dessutan tre individuelle sigrar i VM. Så langt denne sesongen har det ikkje klaffa for den regjerande verdscupvinnaren.

På fire forsøk i verdscupen har han framleis ikkje gått til topps under eit individuelt renn.

– Eg er eit stykke bak fjoråret, konkluderte han med etter sprintrennet i Östersund førre helg.

Andre norske på sprinten: 5) Johannes Dale-Skjevdal, 6) Vetle Sjåstad Christiansen, 14) Endre Strømsheim, 17) Vebjørn Sørum.

Laurdag skal herrane gå 12,5 kilometer jaktstart, medan verdscuphelga blir avslutta med stafett søndag.

(©NPK)

Tarjei Bø. Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB

Johannes Thingnes Bø. Foto: Anders Wiklund/TT / NTB

Annonse