Teikneserieskapar Dina Norlund (27) er død: – Ufatteleg at eit så lysande talent går ut av tida

Teikneserieskaparen Dina Norlund er død av kreft, 27 år gammal. Ho rakk å skape boka «Snøkattprinsen», selt til store marknader utanlands.

– Det er heilt ufatteleg at eit så lysande talent som Norlund no går ut av tida. Norlund var ein utruleg stilsikker og dyktig teiknar og hennar vesle snøkattprins Syv smeltar barnehjarte over heile verda, seier redaksjonssjef Tonje Tornes i Egmont, som formidla bodskapen om Norlunds bortgang.

Den franske redaktøren hennar Flore Piacentino i forlaget Albin-Michel kallar Dina Norlund for «ein stor kunstnar av eit internasjonalt format»:

– Like stort som det tomrommet ho no lèt etter seg seg. Hennar bortgang er eit forferdeleg sjokk for kunsten og verda til litteraturen.

Dina Norlund fekk ein alvorleg kreftdiagnose seinhausten 2020, samtidig som ho ferdigstilte teikneserieboka «Snøkattprinsen». Det var ei historie ho først hadde folkefinansiert og gitt ut på eiga hand på engelsk, før Egmont ville gi ho ut på norsk – som del av den nye nordiske mangabølgja.

– Mykje som blir i dag publisert blir ofte komplisert og fokuserer veldig på ei negativ framtid. Derfor er det herleg å vende tilbake til litt meir enkelt – som eit eventyr, som kan minne oss på heilt grunnleggjande godheit og kjærleik, sa Dina Norlund til NTB då «Snøkattprinsen» kom ut i januar 2021.

Boka vart gitt ut i 15.000 eksemplar, nominert til Arks barnebokpris og selt til utgiving til Sverige og Danmark året etter. Deretter vart serien seld til både Frankrike og USA, to store teikneserienasjonar som ikkje har for vane å importere norske seriar.

– Det er ein draum som blir oppfylt at «Snøkattprinsen» blir omsett til fransk, sa Dina Norlund til NTB i mai i fjor. Ein av dei store inspirasjonskjeldene hennar i barndommen var nemleg den store hylla til faren med franske teikneseriar. Mange av teikningane delte ho i sosiale medium, og på YouTube følgde fleire hundre tusen fans teiknekursa hennar – og der delte ho også kreftdiagnosen og tida etterpå.

Det blir ein avskjedsseremoni for Dina Norlund onsdag 1. mars i hovudsalen på gamle Deichmanske bibliotek i Oslo, opplyser Egmont.

Seremonien startar med ei stille stund kl. 14. Dina Norlunds familie ønskjer alle velkommen. Det er også høve til å skrive ei helsing eller lage kunstverk på kista til Norlund, før det frå kl. 15 blir ei enkel minnemarkering.

(©NPK)

Dina Norlund skapte snøkattprinsen Syv, som ho teikna inn på dette bildet av seg sjølv då «Snøkattprinsen» kom ut i januar 2021 – midt under behandlinga. Foto: Privat

Serieskapar og teiknar Dina Norlund debuterte med «Snøkattprinsen» – ikkje lenge etter at ho fekk alvorleg kreftdiagnose. No er ho gått bort. Foto: Sigurd Fandango / Egmont / Handout

Dina Norlund vekte stor begeistring for debutboka «Snøkattprinsen», som var del av ei ny bølgje kalla Nordic Manga – der ho var spådd å bli blant stjernene. Boka blei selt til Sverige, Danmark, USA og Frankrike. Illustrasjon: Dina Norlund / Egmont