Tek-gigantar må forklare seg om overgrep mot barn i sosiale medium
Amerikanske senatorar krev at Meta-sjef Mark Zuckerberg og Tiktok-sjef Shou Zi Chew forklarar seg i ei høyring om seksuelle overgrep mot barn i sosiale medium.
Det amerikanske Senatets justiskomité har også stemna Elon Musk, eigar av X, tidlegare Twitter, og sjefane i Discord og Snapchat til å møte i høyringa, som blir halden 6. desember.
Komitéleiar Dick Dürbin seier høyringa vil gi komitémedlemmene høve til å presse toppleiarane for nokre av dei største sosiale medieselskapa om det manglande vernet deira av barn på internett.
– Deira manglande evne til å regulere plattformene sine og verne barn kan ikkje gå uavklart, seier han.
Ifølgje komiteen har sjefen for Discord, Jason Citron, og Musk nekta å møte opp til høyringa, noko dei er pålagde ettersom dei er stemna.
– Derfor har komiteen teke eit uvanleg grep, nemleg å be om hjelp frå U.S. Marshals Service for å få dei til å møte opp, seier Dürbin.
(©NPK)
Mark Zuckerberg, sjefen for Meta, selskapet som eig Facebook, er blant dei som må forklare seg i ei høyring i Senatet i desember om overgrep mot barn i sosiale medium. Foto: Nick Wass / AP / NTB