Teknisk krøll stengde luftrommet over Vestlandet

(NPK-NTB): Tekniske problem lamma flytrafikken over store delar av Vestlandet tysdag. Etter at problemet blei løyst, var trafikken venta å normalisera seg utover dagen.

– Vi har no funne og retta feilen som gjorde at vi måtte stengja luftrommet over Vestlandet tidlegare i dag. Årsaka var eit nettverksproblem, seier Jan-Gunnar Pedersen, direktør for undervegstenester i Avinor Flysikring.

Feilen blei lokalisert til ein radar ved Stavanger lufthamn, og lamma i tillegg til flytrafikken ved Sola også Bergen lufthamn og flyplassane i Haugesund, Førde, Florø, Sandane, Sogndal og Stord.

Sjølv om trafikken gradvis vil normalisera seg utover dagen, må reisande førebu seg på enkelte forseinkingar.

– Vi ber alle reisande møte som normalt på avreiseflyplassane sine, og elles retta seg etter informasjon frå flyselskapet sitt om flyreise, seier kommunikasjonssjef Joachim Westher Andersen.

– Nettopp ved å stengja luftrommet, tek vi vare på flytryggleiken, forklarer Jan-Gunnar Pedersen.

– No vil vi med alle dei beste ressursane våre gå gjennom systema og gjera det vi kan for å unngå at liknande situasjonar oppstår igjen, seier Avinor-direktøren.

Også helikoptertrafikken blei berørt av trafikkstansen. Nødflygingar var ikkje omfatta av flyforbodet. (©NPK)

Annonse