Annonse

Teknisk tørrfiskfeil på fly

(NPK-NTB): Ein svolten nordlending skapte lettare kaos om bord på flyet til Milano i Italia da ho ville stille den verste svolten med litt tørrfisk.

Line Holdal frå Meløy hadde med seg ein pose tørrfisksnacks. Då ho kjende hungeren etter den tørka fisken hogge til under sikkerheitsdemonstrasjonen, opna ho posen for å ta ein munnfull. Det skulle ho ikkje gjort, melder NRK.

– Flyvertinna kom bort til meg etter demonstrasjonen og spurde kva eg åt på. Ho hadde fått melding frå cockpit om at dei hadde kjent ei merkeleg lukt, og dei hadde vurdert om dei måtte undersøkje for tekniske feil. Nokre av passasjerane hadde også klaga, så eg fekk streng beskjed om å pakke bort tørrfisken under resten av flyturen, seier meløyværingen.

Ho lét likevel ikkje hendinga sette ein stoppar for ferien i Milano, og har heller ingenting å klage på mot flyselskapet.

– Eg har igjen masse tørrfisk som eg kosar meg med i Italia, seier Holdal. (©NPK)

Annonse