Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mathilde Olsen Ilebrekke køyrde inn til tredjeplass i parallellkonkurransen i avsluttinga av verdscupen i telemarkskøyring fredag.
npk@npk.no
Publisert: 18.03.2016 kl 16:40
Ilebrekke møtte lagvenninna Guro Helde Kjølseth i ein heilnorsk bronsefinale i sveitsiske Mürren. Der var Kjølseth uheldig og datt, noko som gjorde at Ilebrekke gjekk sigrande ut av den duellen. Rennet vart vunne av Beatrice Zimmerman framfor lagvenninna Amélie Reymond i ein heilsveitsisk finale.
– Eg er veldig nøgd med at eg tar ein tredjeplass, og at eg avsluttar sesongen med endå ein pallplass. Eg køyrde bra, og det er gøy å runde av på ein slik måte. Eg gler meg veldig til ein ny sesong, men no skal det bli godt med ein liten pause, innrømmer ei litt sliten Ilebrekke.
I herreklassa gjekk til det ikkje like bra. Best av dei norske vart Trym Nygaard Løken, som dessverre vart slått ut i kvartfinalen.
Likevel heldt plasseringa til å ta tredjeplassen samanlagt i parallellcupen, noko som vitnar om at Løken har vore svært stabil tidlegare i sesongen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.