Klargjør siden...

Telemark: Løken nær pallen igjen

(NPK-NTB): Trym Nygaard Løken hevda seg godt i sprintrennet i verdscupfinalen i telemarkskøyring torsdag, men hamna for andre dag på rad rett utanfor sigerspallen.

Løken viser stabil køyring og følgde opp 4.-plassen i klassisk onsdag med same plassering i sprint. Torsdag var han endå nærare pallplassering. Berre 0,62 sekund skilde opp til sveitsiske Stefan Matter på tredjeplass.

– Det var veldig god køyring i begge omgangar. Eg var litt tung i skøytedelen i første omgang, men gira opp eit hakk og leverte ein veldig god andre omgang. Det var eitt tillegg som gjorde at eg ikkje hamna på pallen, sa Bækkelaget-løparen.

Igjen vart det siger til tyske Tobias Müller framfor franske Philippe Lau.

Ådne Kristenstuen køyrde inn til ein god 7.-plass.

I kvinneklassa var det litt stong ut for dei norske i rennet torsdag. Mathilde Olsen Ilebrekke var nede på 9.-plass etter ein rotete første omgang, men køyrde ein god andre omgang og klatra fire plassar til 5.-plass.

Guro Helde Kjølseth hamna rett etter henne på sjetteplass.

Som vanleg tok sveitsiske Amélie Reymond ein overlegen siger.

Fredag blir verdscupsesongen avslutta med parallellsprint i Mürren. (©NPK)

Annonse