Klargjør siden...

Telemarkingar vil ha skattekutt på grunn av asylmottak

(NPK-NTB): Ti bebuarar på Bolkesjø i Telemark krev at Notodden kommune droppar eigedomsskatten deira. Bebuarane meiner at eit framtidig asylmottak i området vil senke verdien på eigedommen deira.

Bebuarane meiner at verdien på eigedommen har gått ned med ti prosent etter at det blei klart at eit asylmottak skal etablerast i nærområdet på Bolkesjø hotell, skriv avisa Telen.

Bolkesjø hotell skal gjerast om til eit asylmottak for inntil 600 flyktningar. Kven som skal drifte asylmottaket er enno ikkje klart. Det blir også vurdert å etablere eit mottak på Gran Hotell

– Eg er kjent med klagene, og dei skal behandlast på lik linje med andre klager, seier ordførar Gry Blöchlinger til avisa.

I ei av klagene på auke av eigedomsskatten skriv ein nær nabo til Bolkesjø hotell at «det sier seg selv at min eiendom forringes når jeg får ett eller to asyl/flyktningmottak i umiddelbar nærhet».

– Då vi var på folkemøte i Gransherad, blei det spurt om det finst noka kompensasjonsordning for bebuarar som får mottak tett opp til seg. Det sa UDI at det ikkje gjer, og at dei ikkje går inn i enkeltsaker, seier ordføraren til avisa.

Befolkninga på Bolkesjø har tidlegare ytra stor skepsis til at det skal etablerast asylmottak i bygda. (©NPK)

Annonse