Klargjør siden...
Annonse

Telenor får milliardgebyr av Esa for misbruk av marknadsmakt

Efta-tilsynet Esa gir Telenor eit gebyr på 1,2 milliardar kroner for å ha misbrukt marknadsmakta si. Selskapet ankar vedtaket.

Tilsynsorganet konkluderer med at telekomgiganten i åra 2008–2012 brukte posisjonen sin i grossistmarknaden til å prise tenester slik at utfordrarane ville tape pengar på å selje mobilt breiband til nettbrett og berbare Pc-ar.

«Under en kritisk vekstfase for mobildata i Norge var Telenors grossistpriser høyere enn utsalgsprisene Telenor selv tilbød sine egne sluttkunder», skriv Esa i ei pressemelding onsdag morgon. Dei konkluderer med at denne praksisen var i strid med EØS-konkurransereglar.

Gebyret på 112 millionar euro er det største Esa nokosinne har utskrive.

– Må ha konsekvensar

Prisingen blir omtalt som ein «marginskvis» og førte altså til at konkurrentar som var avhengige av å kjøpe seg grossisttilgang, ville tape pengar. Dermed avgrensa Telenor konkurransen i ein rask veksande marknad, skriv Esa.

– Med urimelege prisar svekte Telenor konkurrentar i ein marknad i vekst. Det gjorde det mykje vanskelegare for utfordrarar å tilby attraktive pakkar til forbrukarane då mobildata var i ferd med å ta av i Noreg. For at marknadene skal levere for forbrukarane i framtida, må slike lovbrot ha konsekvensar, seier Frank J. Büchel, som har ansvar for konkurransesaker i Esa.

Han legg til at Telenors dominerande stilling gir dei eit «særlig ansvar for å sikre at de ikke hindrer konkurranse».

Alvor og varigheit

Esa seier gebyret – som svarer til 1,2 milliardar kroner – tek omsyn til kor alvorleg brotet var og kor lenge det gjekk føre seg.

Brotet på konkurransereglane kan òg opne for private erstatningssøksmål, ifølgje Esa, som presiserer at desse i så fall skal behandlast i nasjonale domstolar.

Førebur saka for Efta-domstolen

Telenor skriv i ei pressemelding tysdag at dei vil anke gebyret frå Esa.

– Saka gjeld ein liten del av mobilmarknaden og forhold som ligg langt tilbake i tid. Vi er svært overraska over vedtaket og storleiken på bota. Vi vil no gå grundig igjennom vedtaket, og vil førebu saka til vidare behandling i Efta-domstolen, seier administrerande direktør Petter-Børre Furberg i Telenor Noreg.

Selskapet påpeikar òg at alle andre forhold i den breie undersøkinga av Telenors avtalar i mobilmarknaden er fråfalle.

Sju og eit halvt år

Saka starta med ein umeld bevissikring i Telenors lokale i desember 2012. I mars 2014 fann Esa grunn til å starte ei grundig undersøking, og to år seinare – i februar 2016 – sende dei varsel om vedtak til Telenor.

Den førebelse konklusjonen i tilsynet var at IT– og telekomselskapet hadde misbrukt marknadsposisjonen sin. Telenor svarte på varselet same år.

I juni i fjor kom eit nytt varsel om vedtak og nye bevis. Igjen svarte Telenor. Ytterlegare eit brev vart sendt i februar med moglegheit for kommentarar frå selskapet, og denne veka fatta Esa vedtaket sitt.

(©NPK)

Telenor Norge-direktør Petter-Børre Furberg seier selskapet er overraska over vedtaket og storleiken på gebyert og at dei vil anke. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Esa varsla gebyret mot Telenor tysdag morgon. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix