Tellus avlyser kjøp av partar på norsk sokkel

(NPK-NTB): Det norske oljeselskapet Tellus Petroleum er fristilt frå pliktene til å kjøpa delar på norsk sokkel frå tyske Wintershall.

I den opphavlege avtalen frå 16. juni i år selde den tyske olje- og gassprodusenten Wintershall feltdelar for nær 4,7 milliardar kroner til norske Tellus. Transaksjonen omfatta 20 prosent i Knarr-feltet, 4,5 prosent i Veslefrikk-feltet, 6,5 prosent i Ivar Aasen-feltet og 10 prosent i Yme-feltet.

Transaksjonen inkluderte også ein del på 15 prosent i den Wintershall-opererte utbygginga av Maria, i tillegg til sju lisensar i leitefasen.

No opplyser Wintershall at dei på oppmoding frå Tellus har fristilt det norske selskapet frå pliktene sine om kjøp av desse delane.

Administrerande direktør Fridtjof Jebsen i Tellus Petroleum forklarar avgjerda med ein utfordrande marknad med låge oljeprisar.

– Vi har avtalt med Wintershall å ikkje gå vidare med transaksjonen i den noverande marknaden. Det er årsaka, seier Jebsen til (©NPK) E24.

Annonse